Tilleggsnummer til Statsbudsjettet 2022

Kommunane får 4,5 milliardar meir i frie inntekter

Dette innhaldet er meir enn 3 år gammalt.

Folk skal kunne leve gode liv uansett kvar i Norge dei bur. Regjeringa foreslår ein vekst på ytterlegare 2,5 milliardar kroner i kommunesektoren sine frie inntekter i 2022. Dette kjem på toppen av Solberg-regjeringa sitt forslag. – Eg er glad for at kommunane no får musklar og handlingsfridom til å gje innbyggjarane over heile landet gode tenester, seier kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram.

Regjeringa er oppteken av at kommunane og fylkeskommunane skal ha gode rammer og ein føreseieleg økonomi, slik at dei kan lukkast med dei krevjande oppgåvene dei skal løyse for å gje folk ein betre kvardag.

I tilleggsnummeret til statsbudsjettet aukar regjeringa dei frie inntektene til kommunane med 2,5 milliardar kroner sammenlikna med den forrige regjeringa sitt budsjett. Av veksten i frie inntekter, foreslår regjeringa at to milliardar går til kommunane, medan 500 millionar går til fylkeskommunane. Veksten blir til saman 4,5 milliardar kroner.

Regjeringa har ved fastsetjing av veksten i frie inntekter tatt omsyn til kommunane sine kostnader knytt til auka grunnbemanning og fleire pedagogar i barnehagane dei siste åra.

Regjeringa foreslår eit nytt tilskott innanfor veksten i frie inntekter på 500 000 kroner per kommunale grunnskule.

− Det vil gi kommunane insentiv til å satse på ein desentralisert skulestruktur, seier Gram.

På toppen av veksten i ramma til kommunana, foreslår regjeringa å reversere Solberg-regjeringa sitt kutt på 300 millionar kroner i tilskotet til ressurskrevjande tenester.

− Dette vil styrke økonomien i kommunane og gjere dei i stand til å gi eit betre tilbod til innbyggjarar som har krav på omfattande helse- og omsorgstenester, seier kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram.

Fylkesvis oversikt

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00