Revidert nasjonalbudsjett:
Kommunane får ein vekst i frie inntekter på mellom 1,8 og 2,3 milliardar kroner
Pressemelding | Dato: 12.05.2022 | Kommunal- og distriktsdepartementet
– Regjeringa er oppteken av at folk både i bygd og by skal ha eit godt tenestetilbod der dei bur. Då må vi sikre kommunane nok ressursar og handlefridom. Med kommuneopplegget for 2023 styrkjer vi kommuneøkonomien, slik at kommunane kan gi innbyggjarane betre barnehagar, skular og ein verdig eldreomsorg, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).
– Denne regjeringa ser verdien av det viktige arbeidet kommunane gjer. Det første vi gjorde då vi tok over regjeringskontora i fjor haust, var å sikre kommunane betre økonomiske rammer. Det vil vi fortsette med, seier Gjelsvik.
Etter å ha stått i førstelinja for å handtere koronapandemien i to år, skal dei som jobbar i kommunane no sørge for å ta imot og busetje mange tusen flyktningar. Dette kjem på toppen av alle dei andre viktige oppgåvene kommunane har.
Kommunesektoren har god økonomi. Kommunane har jamt over gode driftsresultat, store disposisjonsfond og det er få kommunar i ROBEK. Dette skuldast mellom anna ein ekstraordinær høg skatteinngang mot slutten av fjoråret.
I statsbudsjettet for 2022, sørger regjeringspartia og SV for ei auke i dei frie inntektene til kommunane på 4,7 milliardar kroner. Etter dette har både forventa skatteinntekter og kostnader for kommunane auka.
− I sum inneber det regjeringa no legg fram eit auka handlingsrom for kommunane i 2022 på 4,1 milliardar kroner utover det som ble vedtatt i budsjettet i fjor haust. 1,6 milliardar kroner av desse er varige frie inntekter, seier Gjelsvik.
Regjeringa varslar i kommuneproposisjonen ei ytterlegare auke i dei frie inntektene til kommunane i 2023 på mellom 1,8 og 2,3 milliardar kroner. Kommunane får to tredelar av den samla veksten i frie inntekter, medan fylkeskommunane får éin tredel av veksten. Det blir ikkje varsla bindingar innan veksten.
Opplegget for neste år vil gi kommunesektoren auka handlingsrom etter at sektoren har dekt auka demografi- og pensjonskostnadar på om lag 1,4 milliardar kroner.
− Dermed legg vi til rette for at kommunane framleis kan gi innbyggjarane betre tenester som er tilpassa lokale behov, seier Gjelsvik.
Som følgje av regjeringspartia og SV sitt vedtak om utbytteskatt frå 2022, er det mange i Noreg som har tatt ut ekstraordinære utbytter i 2021. Dette gjev også ein ekstraordinær skatteinngang på heile 14 milliardar kroner i 2022. Desse inntektene er svært ujamt fordelt mellom kommunane.
Regjeringa har valt å fordele dei ekstraordinære skatteinntektene mellom staten og kommunane, slik at staten beheld 11,5 milliardar kroner og kommunane 2,5 milliardar kroner. Dette blir gjort på ein slik måte at ein tek omsyn balansen mellom skattesvake og skattesterke kommunar.
Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00