Kommunar og fylkeskommunar får utbetalt 704 millionar etter ekstremvêret Hans før jul

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Ekstremvêret Hans førte til store skadar i mange kommunar og fylkeskommunar på Austlandet. Regjeringa utbetalar no 704 millionar kroner i kompensasjon gjennom skjønnsmiddelordninga.

– Kommunar og fylkeskommunar skal ikkje stå aleine når store naturkatastrofar rammar. Regjeringa stiller opp, og utbetalar allereie no ein betydeleg kompensasjon for skadane ekstremvêret førte til i august i år, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande.

 

Kommunar og fylkeskommunar kan få delvis kompensasjon for utgifter til handtering av den akutte krisesituasjonen, opprydding og reparasjon av kommunal infrastruktur. I samband med Hans kan òg kostnader til opprydding på anna enn kommunal infrastruktur bli dekka innafor ordninga, der kostnadene ikkje blir dekt av andre ordningar.

Retningslinjene for skjønnstildelingen er lagt til grunn for Kommunal- og distriktsdepartementets behandling av søknadar.

Fleire kommunar og fylkeskommunar har søkt om å få dekka kostnadar knytt til uavklarte forhold, til dømes uoppdaga skader, uavklart finansiering, forsikringsoppgjer eller eigarforhold. Departementet har ikkje inkludert kostnadar til desse forholda i grunnlaget for kompensasjon no.

Dersom kommunane og fylkeskommunane får auka kostnadar når desse forholda er avklart, vil det vere mogleg å sende inn ein tilleggssøknad på eit seinare tidspunkt. Det kan til dømes vere at dei oppdagar nye skadar, at aktuelle kostnadar ikkje blir dekt av forsikring eller andre ordningar, eller at eigarforhold blir avklart.

Det er også knytt usikkerheit til fleire av kostnadsanslaga i søknadane, og for nokre kommunar treng departementet meir informasjon for å vurdere søknadane. I slike høve vil kommunane få tilbakemelding først på nyåret. Det er løyva 1,7 milliardar kroner ekstra til kompensasjon i år. Midlane som ikkje er utbetalt i 2023, blir overført til 2024.

Søknadar frå 28 kommunar og tre fylkeskommunar er no behandla i departementet, mens 12 søknadar framleis er til behandling. Tabellane under viser fordelinga av utbetalte midlar mellom fylkeskommunar og kommunar.

Tabell 1: Utbetalt kompensasjon til fylkeskommunar for ekstremvêret Hans (kroner)

Fylkeskommune

Utbetalt beløp

Innlandet

250 000 000

Viken

100 000 000

Sum

350 000 000

 

Tabell 2: Utbetalt kompensasjon til kommunar for ekstremvêret Hans (kroner)

Kommune

Utbetalt beløp

3007 Ringerike

37 400 000

3013 Marker

5 800 000

3039 Flå

300 000

3040 Nesbyen

25 300 000

3041 Gol

9 800 000

3042 Hemsedal

1 200 000

3043 Ål

55 000 000

3044 Hol

5 400 000

3046 Krødsherad

700 000

3403 Hamar

4 400 000

3407 Gjøvik

31 300 000

3433 Skjåk

400 000

3434 Lom

6 900 000

3435 Vågå

7 300 000

3438 Sør-Fron

22 900 000

3439 Ringebu

19 300 000

3441 Gausdal

32 700 000

3442 Østre Toten

36 000 000

3443 Vestre Toten

9 800 000

3454 Vang

8 200 000

5026 Holtålen

7 600 000

5426 Kåfjord

26 100 000

Sum

353 800 000

 

Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00

E-post til kommunikasjonseininga: ke@kdd.dep.no