Kommuneproposisjonen
Kommunesektoren får mellom 5,6 og 5,9 milliardar kroner i vekst i dei frie inntektene i 2024
Pressemelding | Dato: 11.05.2023 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Regjeringa legg opp til ein vekst i dei frie inntektene på mellom 5,6 og 5,9 milliardar kroner i 2024. – Denne regjeringa prioriterer kommunane. Med dette opplegget sørgjer vi for at kommunesektoren har gode økonomiske rammar til å fortsette å gje gode tenester til sine innbyggjarar, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.
Innanfor veksten ligg det inne satsingar på 150 millionar kroner til arbeid med psykisk helse og rus i kommunane, 100 millionar kroner til kommunar som tapar mest på modellen for gradert basiskriterium og 300 millionar kroner til fylkeskommunane som følgje av omlegging av inntektssystemet.
- Nytt inntektssystem for fylkeskommunane
- 100 millionar kroner til kommunar som tapar på gradert basistilskot
Veksten fordelast med 4,4 - 4,7 milliardar kroner til kommunane og 1,2 milliardar kroner til fylkeskommunane. Dette legg til rette for at auka kostnadar til demografi og pensjon på totalt 5,1 milliardar kroner blir dekt innafor veksten.
– Regjeringa er oppteken av å gi kommunesektoren tryggleik i ei uviss tid. Dersom anslaga for demografi og pensjon skulle bli vesentleg annleis enn vi legg til grunn i kommuneproposisjonen, vil vi kunne justere forslag til vekst i frie inntekter i statsbudsjettet for 2024, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.
Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00