Kompetansebehov- og tilbod for lokalmatprodusentar er kartlagt

Oxford Research har nyleg kartlagt kompetansebehovet til lokalmatprodusentar i Noreg. Dei har sett på om det finansierte kompetansetilbodet som finst i dag er dekkande.

Norske jordbær.
Ein kompetanserapport frå Oxford har kartlagt kompetansetilbodet til lokalmatprodusentar. Bildet viser ei korg med norske jordbær. Foto: Landbruks- og matdepartementet

Kartlegginga viser at bedriftene generelt har god kontroll på produksjon og foredlingsprosessar. Vidare viser ho at det er mindre inngåande kunnskap om avansert teknikkar og prosessar.

Innan marknad og marknadsføring er det også eit behov for å styrka kompetansen. På den eine sida for å nå ut til nye marknader og målgrupper og for å stryka kompetansen innan strategi og forretningsutvikling. Ifølgje kartlegginga er dette avgjerande for å oppnå berekraftig vekst i bedriftene.

Det er òg behov for betre koordinering og marknadsføring av tilbodet, meir fokus på merkantile fag og utvikling av meir integrerte tilbod. Bedriftene ønsker seg meir samansette og heilskaplege kompetansetilbod.

Forslaga som står i rapporten skal vurderast i samband med arbeidet til regjeringa om å nå målet om å auka omsetnaden av lokalmat- og drikke til 25 milliardar kroner innan 2035.