Konsesjonskraftprisen for 2025 er fastsett

Konsesjonskraftprisen for 2025 er fastsett til 12,89 øre per kilowattime (kWh). Dette er ein auke frå prisen for 2024 på 0,58 øre per kWh. Prisen gjeld for heile leveringsåret 2025.

Konsesjonskraft er ein lovfesta rett til uttak av kraft for kraftutbyggingskommunane og fleire fylkeskommunar.

Les meir om konsesjonskraftordninga her: Konsesjonskraft og konsesjonsavgifter - NVE