Kontaktkonferansen 2016:
Kvalitet i høgre utdanning
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Pressemelding | Nr: 5-16 | Dato: 11.01.2016
Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen presenterer visjonane sine for høgre utdanning og forsking på kontaktkonferansen tysdag. Det sentrale temaet er kvalitet, og særleg arbeidet med stortingsmeldinga om kvalitet i høgre utdanning.
Kontaktkonferansen er en årleg møtestad mellom Kunnskapsdepartementet og universitets- og høgskolesektoren. Sentrale aktørar vil delta med innlegg og i diskusjonar. Sjå vedlagte program for detaljar.
Det vil berre bli høve til å intervjue kunnskapsministeren i pausen 10.45–11.05. Vi ber journalistar som ønskjer intervju, om å kontakte kommunikasjonsrådgivar Stian Stang Christiansen, tlf.: 99 23 90 83, e-post: stch@kd.dep.no.
Det er ikkje nødvendig med akkreditering, men journalistar og fotografar som vil inn på konferansen, må vise pressekort ved inngangen.
Stad: Universitets aula, Karl Johans gate 47, Oslo.
Tid: Tysdag 12. januar klokken 09.30–17.00.
Program - Kontaktkonferansen 2016.pdf
Kontaktkonferansen UM
Sjå sendinga her
Vi ber medium som ønskjer avtale om publiseringspunkt, om å kontakte DSS, service- og tryggingsorganisasjonen til departementa, på 22 24 00 00 eller 40000@dss.dep.no.