Kontrollen av tunge køyretøy i Nord-Noreg blir styrka
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 7/19 | Dato: 16.01.2019
– I lys av dei alvorlege ulukkene med tungbil denne vinteren, har eg no bedt Statens vegvesen om å styrke kontrollinnsatsen i Nord-Noreg. I tillegg vil tollvesenet styrke dekk- og kjettingkontrollane på grenseovergangane, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.
– Det skal vere trygt å ferdast på norske vinterveger. Regjeringa si auka satsing på utekontrollverksemd blir difor vidareført og styrka. Tilstrekkeleg beredskap i vintersesongen er viktig, slik at vi både unngår ulukker og hindrar at fastkøyrde tunge køyretøy skapar kaos i trafikken. Etter fleire alvorlege hendingar med tunge køyretøy den siste tida, vil eg òg sjå på moglegheitene for å skjerpe krava til vinterdekk ytterlegare, seier Dale.
Styrka krav for utanlandske sjåførar til køyring under ekstreme vêrforhold
Det kan vere utfordrande å køyre i Noreg på vinterføre, og god kompetanse blant sjåførane som køyrer er viktig. Regjeringa har dei siste åra jobba systematisk opp mot EU-systemet for å få på plass styrka krav til vinterkompetanse for utanlandske sjåførar.
– Dette har vi vunne fram med. Yrkessjåførdirektivet i EØS er no revidert, og frå 2020 vil det bli stilt styrka krav til sjåførane sin kompetanse til køyring under ekstreme vêrforhold, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.
Etter blant anna aktivt arbeid frå norske myndigheiter, blei styrka krav til kompetanse til å køyre under ekstreme vêrforhold del av det endelige kompromisset om revidering av yrkessjåførdirektivet i EØS. Politisk leiing i Samferdselsdepartementet hadde tatt opp saken både i brev og møter.
– Det er bra at dette kjem på plass, sjølv om det er noko fram i tid. Dette vil bidra til å betre forholda på norske vinterveger, saman med dei andre tiltaka vi alt har gjennomført. Farlege vogntog skal bort frå norske veger, seier Dale.
Ein rekkje tiltak er gjennomført sidan 2013
Regjeringa har gjennomført ei rekkje tiltak mot dårleg skodde vogntog dei siste åra. Mellom anna:
- Vi har sidan 2013 auka satsinga på kontrollar av tunge køyretøy kraftig. I vintersesongen fokuserer Statens vegvesen særleg på kontroll av dekk, kjetting, bremsar og om køyretøyet er eigna, for å hindre ulykker og at tunge køyretøy køyrer seg fast.
- Vi har vidare gitt Statens vegvesen betre verktøy og stramma inn lovverket. Gjennom risikobaserte kontrollar får vi betre kvalitet og meir målretta kontrollar.
- Vidare er samarbeidet mellom Vegvesenet, Politiet, Arbeidstilsynet, Tolletaten og Skattetetaten om kontroll på vegtrafikkområdet styrka, blant anna gjennom at samhandlingsplanar mellom etatane blei sette i verk i 2018. Tollmyndigheitene har òg fått delegert myndigheit til å kontrollere vinterdekk.
- Vidare har regjeringa innført strengare krav til dekk og utstyr. Mellom anna er det no krav til vinterdekk på alle akslar på tunge køyretøy og tilhengarane deira.
- Vi har også styrka retten til å holde tilbake køyretøy som ikkje tilfredsstiller norske krav. Ved behov tar vi no i bruk hjullås, slik at køyretøy kan holdas fysisk tilbake.
- Det er i tillegg etablert eit informasjonsopplegg retta mot utanlandske sjåførar om vanskelege køyreforhold på vinteren. Gjennom kampanjen "trygg trailer" får transportbedriftene informasjon om krava til utstyr, slik at dei sjølv kan ta ein enkel sjekk av "sine" lastebilar.