Korleis skal elevar med stort læringspotensial få eit betre skoletilbod?
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Nyheit | Dato: 14.09.2016
Torsdag 15. september tek kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen imot ei utgreiing om elevar med stort læringspotensial.
Korleis skal elevar med stort læringspotensial få eit betre skoletilbod?
Sjå sendinga her
Utvalet vart oppnemnd av Kunnskapsdepartementet 21. september 2015. Utdanningsdirektør i Drammen kommune, Jan Sivert Jøsendal, har vore leiar av utvalet.
NOU-en Mer å hente. Bedre læring for elever med stort læringspotensial blir lagt fram på ein pressekonferanse, og det vil bli høve til å intervjue kunnskapsministeren og dei andre deltakarane.
Vi set pris på om redaksjonane på førehand varslar om dei vil komme.
Pressekonferansen blir overført direkte på regjeringa.no/kd
Stad: Kunnskapsdepartementet, Kirkegata 18, Oslo.
Tid: Torsdag 15. september kl. 1030-1130.