Koronasituasjonen: Pressekonferanse 12. mars – om påskeferien
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet
Nyheit | Dato: 11.03.2021
Invitasjon til pressekonferanse om råd for påskeferien fredag 12. mars kl. 13.00 med justis- og beredskapsminister Monica Mæland og helse- og omsorgsminister Bent Høie. Helsedirektør Bjørn Guldvog og avdelingsleiar Line Vold i Folkehelseinstituttet vil også vere til stades.
Koronasituasjonen: Pressekonferanse 12. mars – om påskeferien
Sjå sendinga her
Arabisk – شاهد المؤتمر الصحفي باللغة العربية
Sjå sendinga her
معلومات عن فیروس کورونا بلغات أخری
English - Watch the press conference
Sjå sendinga her
Corona information in other languages
Polsk – Obejrzyj konferencję prasową po polsku
Sjå sendinga her
Informacje na temat koronawirusa w innych językach
Russisk – Смотрите пресс-конференцию правительства с переводом на русский язык
Sjå sendinga her
Информация о коронавирусе на других языках
Somali – Daawo shirkii jaraa´id ee dawlada oo loo turjumay Afsoomaali
Sjå sendinga her
Warbixinta koroonaha oo luuqado kale ku qoran
Tigrinja – ናብ ትግርኛ ዝተቶርጎመ ጋዜጣዊ መግለጺ
Sjå sendinga her
Urdu – اردو میں پریس کانفرنس دیکھیں
Sjå sendinga her
یگر زبانوں میں کورونا کے بارے میں معلومات
Pressekonferansen vert overført direkte på regjeringen.no.
Stad: Marmorsalen, Klima- og miljødepartementet, Kongens gate 18.
Oppmøtetid: Fredag 12. mars kl. 12.45. Ta med gyldig pressekort og ID.
Presse som ikkje har høve til å møte, eller som ikkje ønsker å komme på grunn av smittefare, kan sende spørsmål til info@hod.dep.no. Skriv "PK korona" i emnefeltet. Spørsmåla må vere sende innan 13.15. Avsendaradressa må vere registrert hos eit mediehus, eller ein må oppgi frilansoppdrag. Vi kan dessverre ikkje garantere at alle spørsmåla blir stilte i pressekonferansen.
Pressekontaktar:
For helse- og omsorgsministeren: Kommunikasjonsrådgivar Nina Husom, 913 95 608
For justis- og beredskapsministeren: Kommunikasjonsrådgivar Andreas Skjøld-Lorange, 481 61 227
Om sendinga
Pressekonferansen vert filma av Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS) og kan følgjast direkte på www.regjeringen.no. Der kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer som vanleg publiseringspunkt til medier som vil sende pressekonferansen direkte. Kontaktperson for dette kan ein nå på telefon 22 24 88 45 eller dss-videoproduksjon@dss.dep.no
Presse som ynskjer å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider kan bruke følgande embed-kode:
<div id='wowza_player'></div><script id='player_embed' src='//player.cloud.wowza.com/hosted/wb4ddwkl/wowza.js' type='text/javascript'></script>
Tiltak for å hindre spreiing
Fleire omfattande tiltak er innførte for å hindre spreiing av koronaviruset i befolkninga. Departementa har også innført eigne tiltak for å hindre spreiing blant besøkande og tilsette. Derfor ber vi redaksjonane avgrense oppmøte av journalistar og fotografar til eit minimum. Viss oppmøtet er større enn den reduserte kapasiteten til lokalet, kan pressa bli beden om å følge pressekonferansen digitalt.
Folkehelseinstituttet si nettside har meir informasjon om smittevern