Koronasituasjonen: Pressekonferanse med helseministeren, barne- og familieministeren og arbeids- og sosialministeren tysdag 3. november
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet
Nyheit | Dato: 02.11.2020
Invitasjon til pressekonferanse tysdag 3. november kl. 14.30 med helse- og omsorgsminister Bent Høie, barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad og arbeids- og sosialminister Henrik Asheim. I tillegg vil helsedirektør Bjørn Guldvog og avdelingsdirektør Line Vold vere til stades.
Koronasituasjonen: Pressekonferanse med helseministeren, barne- og familieministeren og arbeids- og sosialministeren.
Sjå sendinga her
Pressekonferansen vert overført direkte på regjeringen.no.
Stad: Marmorsalen, Klima- og miljødepartementet, Kongens gate 18.
Oppmøtetid: Tysdag 3. november kl. 14.15. Ta med gyldig pressekort og ID.
Presse som ikkje har høve til å møte, eller ikkje ynskjer å kome på grunn av smittefare, kan sende inn spørsmål til info@hod.dep.no med teksten "PK korona" i emnefeltet. Spørsmåla må vere oss i hende seinast kl. 13.30. Avsendaradressa må være registrert hjå eit mediehus, eller det må vere gjeve frilansoppdrag. Vi kan dessverre ikkje garantere at alle spørsmåla vert stilt i pressekonferansen.
Om sendinga
Pressekonferansen vert filma av Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS), og kan følgast direkte på www.regjeringen.no. Der kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer som vanleg publiseringspunkt til medier som vil sende pressekonferansen direkte. Kontaktperson for dette kan nåast på telefon 22 24 88 45 eller dss-videoproduksjon@dss.dep.no
Tiltak for å hindre smittespreiing
Fleire omfattende tiltak er innført for å hindre spreiing av koronaviruset i befolkninga. Departementa har også innført eigne tiltak for å hindre spreiing blant besøkande og tilsette. Derfor ber vi redaksjonane begrense oppmøte av journalistar og fotografar til eit minimum. Dersom oppmøtet er større enn kapasiteten i lokalet, kan delar av pressa måtte følge pressekonferansen digitalt.
Folkehelseinstituttets nettside har meir informasjon om smittevern