Koronasituasjonen: Pressekonferanse torsdag 22. april
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet
Nyheit | Dato: 21.04.2021
Invitasjon til pressekonferanse torsdag 22. april kl. 15:00 med helse- og omsorgsminister Bent Høie og kultur- og likestillingsminister Abid Raja. Helsedirektør Bjørn Guldvog frå Helsedirektoratet og avdelingsdirektør Line Vold frå Folkehelseinstituttet vil også vere til stades.
Koronasituasjonen: Pressekonferanse torsdag 22. april
Sjå sendinga her
Arabisk – شاهد المؤتمر الصحفي باللغة العربية
Sjå sendinga her
معلومات عن فیروس کورونا بلغات أخری
Dari: دری: کنفرانس مطبوعاتی را در اینجا تماشا کنید
Sjå sendinga her
معلومات در مورد کرونا به زبان دری
English - Watch the press conference
Sjå sendinga her
Corona information in other languages
Polsk – Obejrzyj konferencję prasową po polsku
Sjå sendinga her
Informacje na temat koronawirusa w innych językach
Russisk – Смотрите пресс-конференцию правительства с переводом на русский язык
Sjå sendinga her
Информация о коронавирусе на других языках
Somali – Daawo shirkii jaraa´id ee dawlada oo loo turjumay Afsoomaali
Sjå sendinga her
Warbixinta koroonaha oo luuqado kale ku qoran
Tigrinja – ናብ ትግርኛ ዝተቶርጎመ ጋዜጣዊ መግለጺ
Sjå sendinga her
Tyrkisk - Basın toplantısını buradan izleyin
Sjå sendinga her
Diğer dillerde korona ile ilgili bilgiler
Urdu – اردو میں پریس کانفرنس دیکھیں
Sjå sendinga her
یگر زبانوں میں کورونا کے بارے میں معلومات<
Pressekonferansen vert overført direkte på regjeringen.no.
Stad: Statsministerens kontor, Glacisgata 1.
Oppmøte: Torsdag 22. april kl. 14.15. Ein bør berekne ekstra tid for sikkerhetskontroll og bagasjesjekk. Munnbind må brukast under heile pressekonferansen.
Påmelding til hbrj@hod.dep.no innan torsdag kl. 12.
Vi har avgrensa antal plassar og ber kvar redaksjon halde antal deltakarar på eit minimum. Vi kan ikkje garantere at alle får plass, og føreset at dei frammøtte følgjer helsestyresmaktene sine råd for smittevern. Ved stor pågang kan det bli aktuelt å be presse om å følgje pressekonferansen digitalt.
Presse som ikkje har høve til å møte, eller som ikkje ønsker å komme på grunn av smittefare, kan sende spørsmål til info@hod.dep.no. Skriv "PK korona" i emnefeltet. Spørsmåla må vere sende torsdag innan kl. 14.30. Avsendaradressa må vere registrert hos eit mediehus, eller ein må oppgi frilansoppdrag. Vi kan dessverre ikkje garantere at alle spørsmåla blir stilte i pressekonferansen.
Kommunikasjonsrådgivar i Helse- og omsorgsdepartementet: Helene Hoddevik Mørk, 943 59 881
Kommunikasjonsrådgivar i Kulturdepartementet: Ingvill Tandstad, 99 38 50 81
Om sendinga
Pressekonferansen vert filma av Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS) og kan følgjast direkte på www.regjeringen.no. Der kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer som vanleg publiseringspunkt til medier som vil sende pressekonferansen direkte. Kontaktperson for dette kan ein nå på telefon 22 24 88 45 eller dss-videoproduksjon@dss.dep.no
Presse som ynskjer å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider kan bruke følgande embed-kode:
<div id='wowza_player'></div><script id='player_embed' src='//player.cloud.wowza.com/hosted/wb4ddwkl/wowza.js' type='text/javascript'></script>
Tiltak for å hindre spreiing
Fleire omfattande tiltak er innførte for å hindre spreiing av koronaviruset i befolkninga. Departementa har også innført eigne tiltak for å hindre spreiing blant besøkande og tilsette. Derfor ber vi redaksjonane avgrense oppmøte av journalistar og fotografar til eit minimum. Viss oppmøtet er større enn den reduserte kapasiteten til lokalet, kan pressa bli beden om å følge pressekonferansen digitalt.
Folkehelseinstituttet si nettside har meir informasjon om smittevern