KPMG og SIFO har levert utgreiingsrapportar om openheitslova
Nyheit | Dato: 29.01.2025 | Barne- og familiedepartementet
KPMG og Forbruksforskingsinstituttet SIFO ved OsloMet har gjennomført undersøkingar om openheitslova på oppdrag frå Barne- og familiedepartementet. Rapportane utgjer ein del av kunnskapsgrunnlaget for evalueringa av openheitslova som etter planen skal resultere i ein evalueringsrapport innan sommaren 2025.
Våren 2024 fekk KPMG i oppdrag av Barne- og familiedepartementet å undersøke om openheitslova har medverka til å styrkje arbeidet med menneskerettar og arbeidstilhøve i verksemdene.
Undersøkingane til KPMG viser at norske verksemder støtter intensjonane i openheitslova og meiner krava i lova er klare og hensiktsmessige.
KPMG skriv i rapporten at arbeidet med menneskerettar og arbeidstilhøve i verksemdene har fått eit betydeleg og systematisk løft med openheitslova. Undersøkinga viser at lova allereie har bidratt til fleire konkrete forbetringar både i verksemdene sjølv, og i deira leverandørkjeder.
Samstundes opplev verksemdene òg utfordringar med lova. Verksemdene trekk mellom anna fram at deler av lova er uklar og etterlyser meir rettleiing.
Dei trekk òg fram at dei mottar mange spørjeskjema som del av rutinane for aktsemdvurderingar frå kundar og forretningsforbindingar, og at dette opplevast som tidkrevjande og lite formålstenleg.
– Eg er glad for at undersøkingane til KPMG visar at openheitslova har bidrege til at verksemdene jobbar meir og betre med å få kunnskap og oversikt over forhalda i eigen verksemd og leverandørkjede. Dette visar at lova har bidratt til positive endringar. Samstundes tek eg på alvor dei utfordringane som verksemdene rapporterer om, og vil sjå nærare på dette i evalueringa av lova, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (SP).
Forbruksforskingsinstituttet SIFO ved OsloMet, fekk i 2024 i oppdrag av departementet å undersøkje korleis forbrukarar nytta openheitslova til å få meir informasjon om korleis verksemder varetek menneskerettane og anstendige arbeidstilhøve.
Undersøkinga skulle òg sjå på korleis sivilsamfunnet og journalistar har nytta seg av lova. Undersøkingane har resultert i tre tematiske delrapportar, samt ei oppsummerande rapport.
Rapportane viser for det fyrste at forbrukarar meiner det er viktig at arbeidstilhøva er gode i leverandørkjedene dei kjøper varer frå. Samstundes er det få forbrukarar som har kunnskap om slike forhald. Ei av årsakene til dette er ifølge SIFOs undersøkingar, at informasjonen er vanskeleg tilgjengeleg for forbrukarane.
Undersøkingane viser òg at få forbrukarar har kjennskap til openheitslova. Blant forbrukarane som har kjennskap til openheitslova er det samstundes fleire som har endra kjøpsåtferd etter at lova kom.
– Forbrukarane er opptekne av menneskerettar og arbeidstilhøve, men opplever ikkje at slik informasjon er lett tilgjengeleg. Eg meiner det er viktig at vi gjer openheitslova meir kjent hos forbrukarane. Her kan sivilsamfunn og media vere viktige aktørar, seier Toppe.
Les rapportane frå KPMG og SIFO, og meir om evalueringa av openheitslova her.