Kronprins Haakon besøkjer Litauen

Den Høgvørde Kronprins Haakon reiser på offisielt besøk til Litauen 3. og 4. april.

Besøket markerer dei tette og gode banda mellom Noreg og Litauen. Kronprinsen vil mellom anna møte Litauens president Gitanas Nausėda. Kronprinsen besøkte Litauen sist i 2018 då landet feira 100 år med sjølvstende. I år markerer landet 20 år som medlem av Nato.

Under besøket vil Kronprinsen òg opne eit seminar om norsk-litauisk forsvarssamarbeid og besøkje eit norskstøtta senter for ukrainske flyktningar. Kronprinsen blir følgd av statssekretær i UD Maria Varteressian.

Kronprinsen skal òg besøkje det norske styrkebidraget i Rukla leir. Noreg har heilt sidan etableringa av «NATO Enhanced Forward Presence Battle Group Lithuania» (eFP) i 2017 bidrege med soldatar og utstyr til den multinasjonale tyskleidde stridsgruppa.

Frist for pressen til å akkreditere seg er 20. mars.

For å akkreditere seg må pressa ta kontakt med pressekontakt ved ambassaden i Vilnius: Ole Terje Horpestad, e-post: ol. terje.horpestad@mfa.no, mobil +370 618 44 422

Pressekontakt ved Det kongelege hoffet: Sara Svanemyr, e-post: sara.svanemyr@slottet.no, mobil: 95 25 80 40