Kultur- og likestillingsministeren deler ut prisen "Årets nynorskkommune"

Adresse: Henrik Ibsens gate 110, Oslo

Stad: Nasjonalbiblioteket, Målstova

Prisen er på 200 000 kroner og går til ein kommune eller fylkeskommune som tar særleg godt vare på det nynorske skriftspråket.

Arrangementet er ope for alle. Det blir lett servering, og du kan lære om korleis ein vinnar jobbar med språk, særleg nynorsk.

Meir informasjon og påmelding hos Språkrådet: Kven blir årets nynorskkommune 2024? Velkommen til prisutdeling (sprakradet.no)