Kultur- og likestillingsministerens tale ved Poesifestivalen 2024

                                                                                            *Sjekkes mot fremføring

Kjære alle sammen!

Da Fosse holdt sin nobelforelesning før jul, løftet han frem bare én norsk forfatter; Olav H. Hauge.

NRK kåret Hauges dikt «Det er den draumen» til Norges beste dikt gjennom tidene.

Dét sier noe om Hauges storhet.

 

Fosse og Hauge besøkte hverandre, og skrev om hverandre.

De hadde mye til felles.

Fosse sa han kjente seg igjen i Hauges opplevelse av det å skrive.  

Begge viser at nynorsk også er et framifrå litteraturspråk.

Til ære for Jon Fosse og Olav H. Hauge, som har løftet og vist frem den vakre nynorsken, så holder jeg denne talen på nynorsk.

*

I år er det 30 år sidan Olav H. Hauge gjekk bort.

Men lyrikken hans lever!

Eg kan ikkje tenkje meg ein betre måte å heidre Hauge og diktinga hans på, enn Poesifestivalen i Ulvik.

De har sett saman eit spennande program!

Eg ser ikkje minst fram til å høyre poetane Cecilie Løveid og Gunnar Wernæss i kveld.

*

Hauge når stadig nye lesarar.

Men han blir også lesen på nye måtar.

Haugesenteret – som fyller 10 år i år – har mykje av æra for dét.

*

At ein gartnar skulle bli ein av Noregs kjæraste diktarar, og ein briljant omsetjar, var kanskje ikkje sjølvsagt.

Eg veit ikkje om Hauge voks opp i ein heim full av bøker.

Kanskje, kanskje ikkje.

Men allereie som tenåring hadde han lese mykje.

Biblioteket vart ein viktig stad for Hauge.

Som 15-åring hadde han lånt over 600 bøker.

Hauge kjente seg einsam og utanfor, og han søkte nok trøyst i bøkene.

Det var fleire i bygda som var med å byggje opp boksamlinga til unge Hauge.

Naboar på Rossvoll.

Onkelen.

Av presten fekk han låne Dostojevski og andre bøker i prestegarden.

Eg trur ikkje dei ante kor mykje dette fekk å seie for Hauge.

 

Bøkene var livsnødvendige for Hauge.

Eg les og les; eg lever i bøkene og av bøkene;

utan bøker kom eg til å ganga nord og ned, skreiv han.

Der er eit mørker, som også kjem til syne i tekstane til Hauge.

Han skriv dikt om både uro og trøyst.

 

I år vil Poesifestivalen sjå nærmare på diktsamlinga På ørnetuva.

Ørnetuva er ein aude og einsam stad.

Noko av det som gjer størst inntrykk på meg i forfattarskapen til Hauge, er dei få glimta han gir oss av sjukdomen han strir med, og opphalda på avdeling D på Valen sjukehus.

Vi anar ei sinnsstemning, men vi får ikkje kome for nære.

*

Hauge var ein arbeidskar,  og viste oss at praktisk arbeid og åndsverk lét seg kombinere.

Han slo fast at mang ein vestlandsbonde har slått gras og lese Edda og Homer, sjølv om dei kanskje ikkje hadde peiling på subjekt og predikat.

 

Kva gjer poesien med oss?

Hauge skriv mykje om det.

Litteraturen kan for mange vere ein stad å søkje meining i den grå kvardagen, skriv Hauge som 21-åring.

Det hev han vore for meg.

Der hev eg vore stor,

der hev eg også vore lukkeleg,

der hev eg nått det som eg her aldri kan nå.

Kanskje han snakkar om det å nå ut til folk, og kome i kontakt med andre?

*

Hauge var ein stillfarande og audmjuk mann.

Han trudde ofte smått om eiga skriving.

Sjølv då han fekk Kritikarprisen, meinte han at hadde skrive enkle og vanlege vers.

Han såg ikkje sitt eige geni, men var rask til å peike på talent hos andre.

*

Éin diktar Hauge sette høgt, var Robert Burns, den skotske nasjonalskalden.

Alt som 19-åring vart Hauge bergteken av Burns.

Under krigen sakna han Burns – det var ikkje mogleg å få kjøpt bøker frå utlandet.

Ein dag på 60-talet står Hauge og høgg ved, og ein skotte kjem til gards.

Skotten er gamal hamnearbeidar.

Hauge legg frå seg øksa – dei kjem i prat, og Hauge kjem inn på Robert Burns.

I dagboka kan vi lese om den kraftfulle reaksjonen:

«Då vart han so rørd, gamlingen, at tårone kom i augo.»

Slik er krafta i poesien.

Hauge tenkte nok ikkje, at for oss, er han og Burns jamlike.

 

Med desse orda erklærer eg den 13. Poesifestivalen for opna!

 

***