Statsbudsjettet 2025

Kulturløft for å få fleire barn og unge til å delta

Regjeringa vil sette av 55 millionar kroner til å auke barn og unges deltaking i kultur- og fritidsaktivitetar. Pengane skal gå til fritidsklubbar, korps, leselyst, dataspel og meir teater til fleire.

– Regjeringa prioriterer arbeidet med å redusere utanforskap, inkludere fleire og bygge gode tilbod i heile landet. I tillegg til at det har stor verdi i seg sjølv å drive med kulturaktivitetar har det også god førebyggjande effekt.. Derfor satsar vi no på eit mangfald av aktivitetar, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.

Målet er at fleire barn og unge får moglegheit til å delta i idrett, kultur og fritidsaktivitetar uavhengig av kven dei er, kvar dei bur, eller foreldra si lommebok.

– Dessverre er det slik at barn som kjem frå familiar med vedvarande lavinntekt deltek mindre enn andre i kulturlivet. Vi ønsker å gi fleire moglegheita, og denne satsinga er eit viktig bidrag for å inkludere alle, seier Jaffery.

Det blir sett av pengar til ei rekke ulike formål. Mellom anna får Norges Musikkorps Forbund pengar til deira innsats for å behalde fleire unge i korpsa. Regjeringa vil også at fleire skulelevar skal kunne oppleve å oppleve teater av høg kvalitet gratis i sitt lokale kulturhus og set av to millionar kroner til Riksteatrets billettfond. Fem millionar kroner til innkjøp av dataspel ved trygge og inkluderande møteplassar for dataspelkulturen for barn og unge.

– Regjeringa satsar på dataspel fordi vi veit kor viktig aktiviteten er for mange barn og unge, og vi ønsker å leggje til rette for at aktiviteten kan skje i fellesskap og på gode, offentlege møteplassar, seier Jaffery

Fordeling av 55 millionar kroner til deltaking for barn og unge

  • 10 millionar kroner vidareførast til oppfølging av handlingsplanen «Alle inkludert!»
  • 10 millionar kroner til Ungdom og Fritids Fond
  • 6 millionar kroner til Norges Musikkorps Forbund, til Ungdomsløftet
  • 2 millionar kroner til Riksteatrets billettfond - ei ordning for fribillettar for skuleelevar
  • 2 millionar kroner til Tigerstadsteatret, til drifta
  • 5 millionar kroner til Filmfondet, til innkjøp av dataspel
  • 20 millionar til leselyst (eiga pressemelding)
Tilbakemeldingsskjema

Fant du det du lette etter?

Tusen takk for ditt svar!

Det er ikke deg, det er oss.

Det oppsto en uventet feil med serveren. Prøv igjen senere.