Kunnskapsministeren kjem til Kristiansand
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Nyheit | Dato: 17.08.2016
Torsdag 18. august kjem kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen til Kristiansand. Han er med på første skoledag på Lovisenlund skole og inviterer til ope foreldremøte for alle som er interesserte i skole.
Program:
0830-0930: Første skoledag
Kunnskapsministeren tek imot barna som byrjar i første klasse på Lovisenlund skole.
Adresse: Marcus Thranes gate 20, Kristiansand
1800-1900: Torbjørns time
Kunnskapsministeren inviterer til ope møte for alle som er interesserte i skole. Han vil halde ei kort innleiing om utfordringane i skolen, og det vil bli høve til å stille spørsmål.
Adresse: Lovisenlund skole, Marcus Thranes gate 20, Kristiansand
Vi set pris på om redaksjonane på førehand varslar om dei vil komme.
Kontaktperson: Kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, e-post: anhj@kd.dep.no, mobil: 99 21 46 10