Presseinvitasjon

Kunnskapsministeren møter Elevpanelet for første gong

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Regjeringa skal legge fram ei stortingsmelding som skal sjå på utfordringar i skulekvardagen på 5.-10.trinn. – Eg vil ha innspel frå flest mogleg elevar. Det er dei som veit kva som er ein god skulekvardag for dei, og kva som motiverer dei til å lære, seier statsråd Tonje Brenna.

I samband med dette tiltaket har kunnskapsminister Tonje Brenna sett ned eit elevpanel som består av 30 elevar mellom 5-10.trinn frå alle fylka i landet, og ho skal møte dei for første gong 21.september. Oppstartssamlinga blir i Representasjonsbustaden til regjeringa i Oslo sentrum.

Hovudmålet for meldinga skal vere å utforske og beskrive korleis skulen i større grad kan vareta og fremje motivasjonen til elevane, meistring, læring og utvikling. Meldinga skal òg sjå på korleis skulen kan bli meir praktisk og variert, slik at elevane kan lære meir og trivast betre.

Tid: 21.september 12.00-13.30

Stad: Regjeringas representasjonsbustad, Parkvegen 45

Program:

1200-1215      Statsråden ønsker velkommen

1215-1220      Prosjektet gir praktisk info om gruppearbeidet

1220-1250      Første økt: Motivasjon

Statsråden og statssekretær sirkulerer mellom borda og snakkar med fleire elevar

1250-1300      Statsråden opnar for tilbakemelding frå gruppene på første økta

1300-1315      Pause med moglegheit for intervju og bilde

Påmelding:

Pressa er velkomen, og det blir høve til intervju i pausen kl. 13.00

Journalistar som ønskjer å delta, kan ta kontakt med kommunikasjonsrådgjevar i Kunnskapsdepartementet Ajfer Husejin innan kl. 09.00 onsdag 21.september, tlf. 95936485 eller e-post ajf@kd.dep.no