Kunnskapsministeren tek imot sluttrapport frå utvalet for kvalitetsutvikling i skulen

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Korleis kan prøvane og undersøkingane vi bruker i skulen bli meir relevante og svare betre på behovet til skulen? Dette er eitt av spørsmåla vi får svar på i ein sluttrapport som kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun tek imot måndag 13. november.

Nett-tv Sluttrapport frå utvalet for kvalitetsutvikling i skulen

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Dagens kvalitetsvurderingssystem består av mellom anna nasjonale prøvar, kartleggingsprøvar, undersøkingar, t.d. Elevundersøkinga, og internasjonale undersøkingar, t.d. PISA.

I fjor sette regjeringa ned eit utval. Bakgrunnen for det er at regjeringa vil tenke nytt om korleis vi måler kvaliteten i norske skular, og korleis vi driv kvalitetsutvikling. Dagens kvalitetsvurderingssystem i skulen er basert på offentlege utgreiingar som vart gjennomførte for over 20 år sidan.

Utvalet har levert to utgreiingar. Den første delrapporten var eit kunnskapsgrunnlag om kvalitetsvurdering og kvalitetsutvikling i norsk skule. Sluttrapporten kjem no, og vil innehalde råd om endringar.

Det offentlege utvalet er eit partssamansett utval med medlemmer frå lærarorganisasjonane, Skuleleiarforbundet, Elevorganisasjonen, kommunane, Sametinget og forskarar. Utvalet skulle også involvere elevar, lærarar, skuleleiarar, skuleeigarar, relevante organisasjonar, og fagmiljø i arbeidet.

Organisasjonene i skulen vil vere til stades under overleveringa.

  • Tid: måndag 13. november kl. 12-13
  • Stad: Kunnskapsdepartementet, Kirkegata 18, Oslo

 Program

  • 1200-1205 Velkomen ved kommunikasjonssjef Line Torvik
  • 1205-1225 Utvalsleiar Tine Sophie Prøitz presenterer hovudinnstillinga
  • 1225-1235 Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun kommenterer
  • 1235 -1240 Innlegg frå Kristin Holm Jensen, KS og Steffen Handal, Utdanningsforbundet 
  • 1240-1300  Pressetid og høve til separate intervju

Påmelding

Journalistar bør melde seg på og møte opp før kl. 11.50. Hugs gyldig ID (pass, nasjonalt ID-kort eller førarkort). Påmelding eller spørsmål kan sendast til kommunikasjonsrådgjevar Johanne Severinsen johanne.severinsen@kd.dep.no, tlf: 91114868

Strøyming

Arrangementet blir filma av Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) og kan følgast direkte på www.regjeringa.no. Der kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.

Presse som ønsker å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn innbyggingskode ved å trykke «Del video»-knappen i videospelaren på sida.