Priv. til red.
Kunnskapsministeren til Bergen: Kick-off for arbeidet med nytt innhald i ungdomsskulen
Nyheit | Dato: 28.04.2022 | Kunnskapsdepartementet
Måndag 2. mai besøker kunnskapsminister Tonje Brenna Skranevatnet skule i Bergen. Der vil ho greie ut om sine planar for nytt innhald i ungdomsskulen.
Tid: Måndag 2. mai kl. 11 – 12.30
Sted: Skranevatnet skole, Sandslivegen 98, Bergen
Kl. 11 – 11.30
Kl. 11.40 - 12.30
|
Rektor og elevar tek imot statsråden. Statsråden held innlegg om kva ho vil gjere med ungdomsskulen. Ho får dei fyrste innspela frå ungdommane.
Statsråden deltek i Fysisk, aktiv læring (FAL) i to ulike klassar. Skulen satsar på praktisk læring, noko regjeringa ynskjer meir av. Ho møter elevar og lærarar på 10. og 7. trinn, som driv med samfunnsfag/kunst- og handverk og matematikk på ein spennande måte. Tid til presse |
Pressa er velkomen, og det blir høve til å intervjue statsråden.
Kontaktperson: Kommunikasjonsrådgivar i Kunnskapsdepartementet Cathrine Slaaen, tlf. 976 77 247 eller e-post casl@kd.dep.no