Statsbudsjettet 2020:
Kunstnarøkonomien blir styrkt: 37 nye stipendheimlar og storleiken aukar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 84/19 | Dato: 07.10.2019
I framlegget til kulturbudsjett for 2020 er kunstnarøkonomien satt høgt på agendaen. Det er foreslått 32 nye arbeidsstipendheimlar og 5 nye heimlar for langvarige stipend. I tillegg aukar storleiken på stipenda med om lag 8 600 kroner.
– Regjeringa meiner det er viktig å betre kunstnarøkonomien. Styrking av kunstnarstipenda er del av eit mangeårig arbeid for gjere det enklare å vere kunstnar her i landet. Mot slutten av 2019 skal vi leggje fram Kunstnarmeldinga. Vi ser på ulike delar av verkemiddelapparatet for å betre kunstnarøkonomien, seier kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande.
Statens kunstnarstipend er eit av dei viktigaste verkemidla i kunstnarpolitikken. Formålet med stipenda er å gje kunstnarar rom til å fordjupe seg og til vekst og fornying, og slik legge til rette for eit mangfaldig og nyskapande kunstliv.
Stipenda som ligg under Statens kunstnarstipend er styrkt i budsjettet for 2020.
Det er forslått 37 nye stipendheimlar. 32 av desse er nye arbeidsstipend, slik at desse totalt utgjer 532 heimlar. Fem av dei nye heimlane er langvarige stipend. Totalt finst det 490 heimlar.
Stipendstorleiken er også foreslått auka med 3,2 prosent til 276 805 kroner.
Totalt aukar ordningane under Statens kunstnarstipend med nær 22 millionar kroner i budsjettforslaget for 2020.