Kva skal du gje i julegåve til den som har alt? Landbruks- og matministeren føreslår norske landbruksprodukt

Lokalproduserte mat- og drikkevarer har vist seg å vera populært i 2024. Landbruks- og matminister Geir Pollestad tykkjer at dei eignar seg godt som julegåver.

– I beit for julegåver? Eit godt tips kan vera å kjøpa norskprodusert mat og drikke. Me har eit breitt utval av norske mat- og drikkevarer av ypparste kvalitet. Alt ifrå kjøt- og mjølkeprodukt til bakarvarer og frukt- og grønsaksprodukt. Samtidig er ein med på å støtta norske landbruksaktørar. Me ser også at populariteten aukar, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad.

Landbruks- og matminister Geir Pollestad på julemarknad.
Landbruks- og matminister Geir Pollestad på julemarknad.

I tillegg til gardsbutikkar rundt om i landet, har også Bondens Marknad hatt auka sal i år. Dei ulike produkta ein får kjøpt der er mellom anna ost, kjøt, fisk, bakarvarer, frukt og grønt.

Bondens marked er i dag på om lag 20 ulike stader i Noreg, frå Tromsø i nord til Kristiansand i sør. Denne helga er det julemarknader fleire stader rundt om i landet Markedsdager - Bondens marked

I år blitt sett nye rekordar for lokalproduserte norske mat- og drikkevarer. Den totale omsetninga for norsk lokalmat- og drikke var på 12,3 milliardar kroner for perioden 2023-2024. Sett opp mot i fjor svarar det til ein auke på 12,2 prosent.

– Å handla norske råvarer og å handla lokalt er å ta vare på beredskapen, seier Pollestad.

Regjeringa har eit omsetningsmål for lokalmat- og drikke; 25 milliardar kroner innan 2035.

Det nye omsetningsmålet skal bidra til vidare vekst i utval, volum, antal aktørar og auka verdiskaping innanfor lokalmat- og drikke.