Kvalitet i høgare utdanning
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Pressemelding | Nr: Presseinvitasjon | Dato: 12.01.2017
Statsminister Erna Solberg og kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen fortel kva dei meiner må til for å heve kvaliteten i høgare utdanning på regjeringas kontaktkonferanse tysdag 17. januar.
Kvalitet i høgare utdanning
Sjå sendinga her
Kontaktkonferansen er ein årleg møtestad mellom Kunnskapsdepartementet og universitets- og høgskulesektoren. Sentrale aktørar vil delta med innlegg og diskusjonar. I år er temaet innhaldet i stortingsmeldinga om kvalitet i høgare utdanning som kjem i nær framtid. Sjå programmet for detaljar.
Det vil vere høve for pressa å intervjue kunnskapsministeren og statsministeren i pausen om lag klokka 10.45.
Vi ber journalistar som ønsker å intervjue kunnskapsministeren kontakte kommunikasjonsrådgivar i Kunnskapsdepartementet, Ragnhild Skaara Imset, tlf.: 93435930, e-post: rask@kd.dep.no.
Journalistar som ønsker å intervjue statsministeren kontaktar kommunikasjonsrådgivar for statsministeren, Anne Nordskog, tlf.975 30 948. E-post: anne.nordskog@smk.dep.no
Det er ikkje nødvendig med akkreditering, men journalistar og fotografar som vil inn på konferansen, må vise pressekort ved inngangen.
Stad: Sentralen, Øvre Slottsgate 3, 0157 Oslo
Tid: Tysdag 17. januar klokka 10:00 – 16:15.
Sendinga blir strøymd på regjeringen.no/kd.