Kvam herad fekk prisen for årets nynorskkommune i 2024
Nyheit | Dato: 22.10.2024 | Sist oppdatert: 23.10.2024 | Kultur- og likestillingsdepartementet
Annakvart år heidrar regjeringa innsatsen til kommunane i Noreg som bidreg til å bevare nynorsk som eit levande språk i landet vårt. I år fekk Kvam prisen for sitt språklege medvit, for sin aktive bruk av språket og for å invitere verda inn i nynorsken.
Juryen skriv at prisvinnaren syner i praksis kva ein kan oppnå med jamt, langsiktig og heilskapleg nynorskarbeid. Allereie i 2002 gjekk heradet over til å nytta nynorsk i vaksenopplæringa og har såleis hjelpt andre kommunar med arbeidet. Kvam herad konkurrerte mot andre gode nynorskkommunar som Lom, Surnadal, Giske, Herøy og Volda.
Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery delte ut prisen på eit arrangement på Nasjonalbiblioteket i Oslo 21. oktober. Prisen er på 200 000 kroner.
Språkrådet forvaltar arbeidet med prisen på vegner av Kultur- og likestillingsdepartementet, med ein jury med representantar frå KS, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Noregs Mållag, Nynorsk kultursentrum og Språkrådet.