Kvinnehelseutvalet legg fram si utgreiing
Nyheit | Dato: 27.02.2023 | Sist oppdatert: 02.03.2023 | Helse- og omsorgsdepartementet
Torsdag 2. mars mottok helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol NOU-en frå kvinnehelseutvalet.
Kvinnehelseutvalet legg fram si utgreiing
![Sjå sendinga her](https://video.regjeringen.no/player24/data/video/5f39ada6-48be-4d43-83b4-2541fb19c0b8/thumbs/488de369-36c0-4bef-9d03-c3da524f0471.jpg)
Sjå sendinga her
Kvinnehelseutvalet blei oppnemnd av regjeringa Solberg, og fikk justert mandat og tre nye medlemmar av regjeringa Støre.
Målet for utgreiinga har vore å få ein oppdatert oversikt over kvinner si helse i Noreg og kjønnsskilnader i helse. Utvalet har sett på utfordringar bland kvinner når det gjeld risiko og førekomst av sjukdom og bruk av helse- og omsorgstenester.
Dei har også undersøkt korleis kjønnsskilnader blir handtert i arbeidet med folkehelse, i helse- og omsorgstenestene og i forsking og utdanning.