Landbruks- og matminister Geir Pollestad møtte hovudstyret i KS
Nyheit | Dato: 04.12.2024 | Landbruks- og matdepartementet
Måndag 2. desember hadde landbruks- og matminister Geir Pollestad møte med hovudstyret i Kommunesektorens organisasjon (KS).
– Landbruks- og matsektoren har ei tydeleg regional forankring, og representerer viktige bidrag til busetting, sysselsetting, verdiskaping og for den grøne omstillinga det norske samfunnet er i gang med, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad.
Fleire tema stod på dagsordenen for møtet. Mellom anna statlege rammevilkår for å ivareta kommunesektoren sine oppgåver innan landbrukssektoren og meir bruk av norsk mat og drikke gjennom innkjøp. Også små, men viktige fag var tema, og korleis fylkeskommunane kan samarbeida om rekruttering og opplæring. Partane diskuterte òg datagrunnlag for å ta vare på naturmangfald, arealressursar og landbruksareal.
– Kommunesektoren er sentral i realiseringa av mange av dei ambisiøse måla for landbruks- og matpolitikken i regjeringsplattforma. Eg ser fram til god dialog med kommunesektoren framover, seier landbruks- og matminister Pollestad.
Konsultasjonsmøta går føre seg innføre rammene av konsultasjonsordninga mellom staten og kommunesektoren. Hovudtemaa i møta er enkeltsaker i ansvarsområdet til kvart enkelte departement, innspel til statsbudsjettet og bilaterale samarbeidsavtalar. Konsultasjonsmøta fungerer òg som dialogarena mellom partane.
KS er kommunesektorens organisasjon og utviklingspartnar. Han er den største offentlege arbeidsgjevarorganisasjonen i landet og forhandlingspart i lønsoppgjera.