Avlyst: Landbruks- og matminister Sandra Borch vitjar Møre og Romsdal måndag 27. og tysdag 28. juni
Nyheit | Dato: 26.06.2022 | Landbruks- og matdepartementet
Avlyst grunna situasjonen i flytrafikken.
Statsråden skal møta bønder som gjerne vil visa fram gardane sine og snakka med henne om framtida i jordbruket, om investeringar, lønsemd, velferdsordningar, o.s.b. Ho skal møta innovative matvareprodusentar og forskingsmiljø. På Grandiosafabrikken på Stranda skal ho få høyra om bruk av norske råvarer i produksjonen og på Bergmo omsorgssenter i Molde skal ho vera med på lanseringa av matgledekorpset i Møre og Romsdal.
Programmet ser slik ut:
Måndag 27.juni:
Kl 09.15 |
Besøk hos mjølkeprodusenten Jørgen Helset, Helset, 6218 Hellesylt. |
Kl 10.30 |
Besøk hos Ole Ringdal AS, Hellesyltvegen 50, Hellesylt. |
Kl 12.30 |
Besøk hos Orkla Foods Norge AS, Grandiosafabrikken, Nedre Furset, Stranda. |
Tysdag 28.juni:
Kl 09.15 | Besøk hos Marthe Holte Sirivik og Birger Ingeborgvik, Holsveien 52, 6531 Averøy. Dei er unge mjølkebønder. Aktuelle tema: Beiting og mosjonskrav, velferdsordningar, framtid i jordbruket |
Kl 12.00 | Lunsj med orientering frå Tingvoll Sider, Tingvoll Ull og Agrirsis, Gunnars veg 6, Tingvoll. |
Kl 12.30 | Orientering frå NIBIO, NORSØK og Tingvoll Økopark, og omvising på Tingvoll gård. |
Kl 14.00 | Omvising Tingvollost. |
Kl 15.45 | Lansering av matgledekorpset i Møre og Romsdal på Bergmo omsorgssenter i Molde. Adresse: Nøisomhedvegen 34, 6419 Molde. |
Vil du vita meir?
Ta gjerne kontakt dersom du ynskjer meir informasjon om programmet.
Kontaktperson for statsforvaltaren:
Marianne Aas Halse, tel.: 48 17 42 41
Kontaktperson for landbruks- og matministeren:
Jorunn Voll, tel.: 97 52 38 83.