Landbruks- og matministeren deltok på orienteringsmøte om blåtungeviruset

Virussjukdommen blåtunge er påvist fleire stader i landet. Landbruks- og matminister Geir Pollestad fekk måndag ei orientering av næringa, Mattilsynet og Veterinærinstituttet.

– Me står i ein alvorleg situasjon, og det er viktig for meg å bli løpande orientert frå Mattilsynet på siste status ettersom det er dei som handterer blåtungeutbrotet, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad.

Måndag 23. september hadde Pollestad eit orienteringsmøte med næringa, Mattilsynet og Veterinærinstituttet om siste status på blåtungeviruset.

6. september blei det påvist tilfelle av blåtunge på sau i Agder. Før det har det ikkje vore registrert tilfelle av virussjukdommen i Noreg sidan 2009. Det er også registrert blåtunge på sau i Rogaland.

– Dette tek me på alvor i departementet. Det er ei kjelde til uro og frykt for mange bønder, seier Pollestad.

Blåtunge er ein virussjukdom som i fyrste rekke råkar sau og storfe, men andre drøvtyggarar som geit, ville hjortedyr, kamel og lama kan òg bli smitta. Sjukdommen omformer seg, og han spreier seg gjennom eit blodsugande insekt som heiter sviknott. Blåtunge smittar ikkje direkte mellom dyr.

Blåtunge smittar heller ikkje menneske, korkje gjennom kontakt med dyr eller gjennom mat.

Illustrasjonsbilde av sau med lam.
Blåtungeviruset blei fyrst påvist på sau i Agder 6. september 2024. I slutten av månaden har også sjukdommen blitt påvist på sau i Rogaland i tillegg til på storfe. Foto: Arne Jostein Lyshol

Ved mistanke om at eit eller fleire dyr i buskapen er smitta, skal ein rapportera det inn til Mattilsynet. Ein melder ifrå til Mattilsynet på telefonnummeret 22 40 00 00. Om ein har kontakta ein praktiserande veterinær kan også vedkomande melda frå til Mattilsynet.

Nabolanda våre, Danmark og Sverige, har også registrert tilfelle av blåtunge den siste tida. Ein har også påvist tilfelle i andre europeiske land.