Hever taket ytterlegare i produksjonssviktordninga
Nyheit | Dato: 25.10.2023 | Landbruks- og matdepartementet
Landbruks- og matministeren foreslår å heve taket ytterlegare i produksjonssviktordninga.
Etter ein sesong prega av vanskelege vekst- og innhaustingsforhold, blei det i august varsla at regjeringa vil foreslå for Stortinget å framskunde ein auke på satsane og taka i produksjonssviktordninga. For vekstgruppene grovfôr og korn og anna frø til modning, blei det foreslått ei auking frå 750 000 kroner til 900 000 kroner.
Landbruks- og matministeren vil no, som ei midlertidig ordning for inneverande produksjonssesong, foreslå for Stortinget å heve taket ytterlegare for vekstgruppene for grovfôr og korn og anna frø til modning, til 1,8 mill. kroner.
– Det er mange bønder som står i ein vanskeleg situasjon etter ein krevjande sesong, og Regjeringa har kome med fleire tiltak for å lette på situasjonen. Dette tiltaket er viktig for bønder som har hatt dei største tapa, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp).
Tilskot ved produksjonssvikt er ei ordning i jordbruksavtalen som skal hjelpe bønder i ein krevjande og uavklart situasjon. Føremålet er å redusere økonomiske tap som skuldast klimatiske forhold det ikkje er mogleg å sikre seg mot.