Landbruks- og matministeren møter næringsmiddelindustrien 15. oktober
Nyheit | Dato: 14.10.2024 | Landbruks- og matdepartementet
Regjeringa har ambisiøse mål for norsk sjølvforsyning og verdiskaping. Her spelar næringsmiddelindustrien med 2800 småe og store bedrifter og 40.000 tilsette ei nykelrolle.
Regjeringa skal laga eit vegkart for å oppnå måla sine innan den landbruksbaserte delen av næringsmiddelindustrien. Industrien er ein stor avtakar av råvarer som kjem frå landbruket.
Kartet kjem til å ta føre seg fleire tema. Det skal ta føre seg både utfordringar, moglegheiter og det som skal til for å styrka og utvikla industrien for framtida. Vegkartet blir utforma i tett samarbeid med industrien, og det skal gjera dei viktige samfunnsoppgåvene innan industrien meir synlege.
Landbruks- og matminister Geir Pollestad har invitert bransjeorganisasjonar, arbeidstakarorganisasjonar og bedrifter til eit oppstartsmøte om vegkartet tysdag 15. oktober. Utover hausten vil det bli følgt opp med separate møte innan dei ulike bransjane.
Kontakt Landbruks- og matdepartementet
Telefon: 22 24 91 40