Landbruks- og matministeren møtte Framtiden i våre hender

Landbruks- og matministeren hadde tysdag eit møte med Framtiden i våre hender om utkastet til matsvinnlova som er sendt på høyring.

Landbruks- og matminister møtte leiar Anja Bakken Riise og fagansvarleg for berekraftig mat Ingrid Kleiva Møller i Framtiden i våre hender.
Landbruks- og matminister møtte leiar Anja Bakken Riise og fagansvarleg for berekraftig mat Ingrid Kleiva Møller i Framtiden i våre hender. Foto: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matminister geir Pollestad leiar Anja Bakken Riise og fagansvarleg for berekraftig mat Ingrid Kleiva Møller i Framtiden i våre hender. Dagsordenen for møtet var forslaget til matsvinnlov som blei send på høyring 10. desember.

– Regjeringa vil halvera matsvinnet innan 2030. No har me sendt eit utkast til matsvinnlov på høyring. Det er eit viktig steg på vegen mot dette målet. Redusert matsvinn er bra for folk sin økonomi, klimaet og for ressursutnyttinga, seier Pollestad.

Pollestad fortalde om bakgrunnen og arbeidet med matsvinnlova frå regjeringa si side.

Utkastet til matsvinnlova som er sendt på høyring tek utgangspunkt i Matsvinnutvalet sine forslag som inneber bestemmingar om at verksemder skal kartlegga, førebygga og informera om matsvinnet sitt, at overskotsmat skal donerast og at butikkar set ned prisane på mat med kort haldbarheit. Statsråden fortalde òg at Landbruks- og matdepartementet i 2024 har overteke ansvaret for koordinering og oppfølging av regjeringa sitt arbeid med å redusera matsvinn. Det omfattar både arbeidet med matkastelov og oppfølging av bransjeavtalen.

Framtiden i våre hender er ein organisasjon som i lang tid har jobba for å få på plass ei eiga matsvinnlov, og dei var nøgde med at eit utkast til lov no er sendt på høyring.