Landbruks- og matministeren ønsker meir norsk frukt og grønt
Nyheit | Dato: 24.01.2024 | Landbruks- og matdepartementet
Landbruks- og matminister Geir Pollestad inviterte frukt- og grøntnæringa til møte for å få deira syn på korleis vi kan auke produksjonen og forbruket av norske grønsaker, potet, frukt og bær.
– Målet er å auka verdiskaping for bonden og betre tilgang på norsk frukt og grønt for forbrukaren. Frukt- og grøntnæringa har store vekstmoglegheiter og merksemd om kosthald og helse gjer at dette er varer marknaden truleg kjem til å etterspørje meir. seier landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp).
Garnerhallen, Gartnerforbundet, Nordgrønt, Produsentforeningen 1909 og BAMA løfta fram fleire tiltak som dei meinte ville bidra til auka norsk produksjon og auka del av norske varer i marknaden. Det var tiltak som risikoreduksjon for bønder, styrking av bondens posisjon i verdikjeda, øyremerking av IBU-midlar til teknologiutvikling og tydelege føringar for at norske varer blir prioritert i offentlege innkjøp.
Næringa sa seg nøgd med regjeringa si endring av tollvernet med overgang til prosenttoll for enkelte grønt-produkt. Dei framheva òg kor viktig det er å få forlenga norsk sesong. Både gjennom betre moglegheiter og teknologi for lagring, og gjennom eit sterkt og sesongtilpassa tollvern. Marknadsbalanse vart framheva som avgjerande, og at etterspørsel må vera på plass før ein aukar produksjonen.
– Eg fekk gode innspel til det vidare arbeidet med auka norsk grøntproduksjon. Regjeringa har prioritert denne næringa i dei to siste jordbruksoppgjera, både med styrking av tilskot til bonden og verkemiddel til forsking og utvikling, seier Pollestad og legg til at dette også bidreg til auka sjølvforsyning.