Landbruks- og matministeren delte ut spesialitetsmerke på Matstreif 2024

På matfestivalen Matstreif i Oslo er lokalmat- og drikke i fokus. Landbruks- og matminister Geir Pollestad opna festivalen fredag 20. september.

Utdeling av spesialitetsmerke med Pollestad på Matstreif 2024
Frå venstre: Espen Aronsen frå Aron Mat, Casper Ottesen og Jon Holm frå Metervare, Anne Gran frå Det gamle Røgeri og statsråd Geir Pollestad. Foto: Landbruks- og matdepartementet

– Spesialitet er eit offisilet merke som hjelper oss å finna unike lokalmatopplevingar i Noreg. Dette kvalitetsmerket er ettertrakta både hjå produsentar og forbrukarar, og berre dei aller aller beste produkta slepp gjennom nålauget til ein kresen fagjury, sa landbruks- og matminister Geir Pollestad då han opna festivalen.

Desse produkta fekk spesialitetsmerket på Matstreif 2024:

  • Montebello frå Metervare AS: Ei saftig og grov pølse laga av norsk svinekjøt, krydder og parmesan. 
Geir Pollestad vitjar Metervare på Matstreif
Pollestad fekk servert ei Montebello-pølse på standen til Metervare. Foto: Landbruks- og matdepartementet
  • Tørrsaltet Spekk frå Aron Mat: Produsert på Kvaløya utanfor Tromsø, laga av ryggspekk av svin tromla med salt. 
  • Fenalår av villsaulam frå Aron Mat: Fenalår laga av gamalnorsk spælsau og naturleg turking i havluft. 
  • Lettrøkt gravet laks frå Det Gamle Røgeri: Laksefiletar gravne i salt, sukker og krydder før lett kaldrøyking. 

– Alle desse produkta er er ypparlege eksempel på den stoltleiken som ligg i norsk mattradisjon, seier Pollestad.

1 / 5
Pollestad på stand på Matstreif 2024
False
2 / 5
Geir Pollestad vitjar Undredal stølsysteri
False
3 / 5
Grillmat på Matstreif frå Løten. Pollestad møter ein lokal bonde.
False
4 / 5
Geir Pollestad smakar på saft på Matstreif
False
5 / 5
Statsråd Pollestad skreller poteter med bygdekvinnelaget.
False

Over 90 utstillarar frå ulike kantar av heile landet både viser fram og sel produkta sine på Youngstorget i Oslo sentrum både fredag og laurdag.

Matstreif blir arrangert i samarbeid mellom Stiftelsen Norsk Mat, Hanen og Bondens marked.