Landbruks- og matministeren sitt hovedinnlegg under behandlingen av Dok. 8:32 - representantforslag om å sikre bedre betingelser for næringsliv i statsallmenningene
Svar til Stortinget | Dato: 30.01.2024 | Landbruks- og matdepartementet
Innstilling fra næringskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Anna Molberg, Kari-Anne Jønnes, Mahmoud Farahmand, Olve Grotle og Trond Helleland om å sikre bedre betingelser for næringsliv i statsallmenningene (Innst. 171 S (2023–2024), jf. Dokument 8:32 S (2023–2024))
Heile saka på:
Regjeringa er oppteken av vilkår for næringsutvikling i distrikta og fører ein politikk med mål om levande lokalsamfunn og arbeidsplassar i heile landet. Eg registrerer at forslagsstillarane no vil betra vilkåra for næringsutvikling i statsallmenningane, men eg er litt overraska over at ein vil gjera dette gjennom å instruera Statskog SF til å leiga ut eigedomen til fellesskapet for mindre enn det som er verdien, eller ved å selja, sjølv om lova i dag ikkje tillèt det.
Dei lokale sakene, som alle kan ivra for, møter i denne saka nokre prinsipp som er viktige. Då er eg oppteken av å finna gode løysingar på det, men likevel ha respekt for dei prinsippa som gjeld.
Statskog SF sine inntekter frå tomtefeste kjem statsallmenningane til gode. Dei lokale fjellstyra får halvparten av festeinntektene for hytter og hotell. Andre inntekter går til Grunneigarfondet og vert forvalta av Statskog SF. Grunneigarfondet vert bl.a. nytta til administrasjon av statsallmenningane, støtte til Norges Fjellstyresamband og ulike tiltak i statsallmenningane. Dette omfattar òg tiltak for verdiskaping og lønsame arbeidsplassar.
Som kjent er hovudregelen i fjellova at statsallmenningen ikkje kan seljast. Grunngjevinga for dette er at statsallmenningane skal forvaltast i eit langsiktig perspektiv og ikkje delast ut bit for bit.
Tomtefeste er regulert i tomtefestelova. Denne lova gjeld uavhengig av kven som eig grunnen, og skal sikra grunneigars rettar samtidig som ho skal sikra festaren mot urimelege vilkår. Lova set forbod mot urimeleg høg festeavgift. Dette må sjølvsagt Statskog SF forhalda seg til. Så gjeld det å finna den rette verdien gjennom takst. I situasjonar der partane er ueinige, kan det vera nødvendig å innhenta fleire takstar. Eg meinar at forvaltninga av statsallmenningane og rammene for dette er gode, og forventar at Statskog SF i dialog med fjellstyra og dei aktuelle kommunane legg til rette for aktiv bruk av resursane i statsallmenningane.
Dette er ei sak som står i Hurdalsplattforma, og som det vil vera naturleg for meg som statsråd å gå inn i. Eg meiner at det skal skje innanfor rammene av dagens lov og prinsippa for eigarstyring, men tenkjer at me må bruka sunn fornuft og sjå om ein i framtida kan gjera ting betre enn det som har vore gjort så langt.