Landbruks- og matministeren sitt svar på spørsmål nr. 14 i spørretimen på Stortinget 8.11.2023
Svar til Stortinget | Dato: 08.11.2023 | Landbruks- og matdepartementet
Spørsmål frå representanten Lene Westgaard-Halle (H)
Spørsmål:
«Avsløringene knyttet til kyllingholdet hos Aviagen i Sverige er svært bekymringsverdige, all den tid dette ikke bare er kyllingrasen som brukes i Norge, men også at svenske egg er opphavet til våre kyllinger. Rådet for dyreetikk, som er oppnevnt av Landbruksdepartementet, har vært klare i sin anbefaling om å forby rasen, mens Bondelaget aktivt har motarbeidet dette.
Er statsråden enig med sitt eget råd eller med Bondelaget i denne saken?»
Svar:
Eg takkar for spørsmålet og må å seia at det eg ser i den dokumentaren frå Sverige, er urovekkjande og fyrst og fremst eit godt eksempel på dårleg dyrehald, på brot på regelverket som gjeld for dyrehald.
Eg er oppteken av å ha god dyrevelferd, og me må greia å sikra det i eit moderne husdyrhald. I norsk kyllingnæring er det meir enn 500 bønder som produserer slaktekylling av høg kvalitet og med låg medisinbruk, god dyrehelse og god dyrevelferd. Me har eit svært strengt regelverk for hald av slaktekylling, og det vert drive forbetringsarbeid langs heile verdikjeda. Det har skjedd over år og er ei utvikling som eg ønskjer skal fortsetja.
Eg har i etterkant av denne dokumentaren hatt møte med Mattilsynet for å sikra meg om at ein følgjer opp både det som gjeld oppdrett av slaktekylling, og det som gjeld produksjon av foreldredyr til kylling. Tilbakemeldinga derfrå er at inntrykket av næringa er positiv.
Når det gjeld formuleringane i spørsmålet, syntest eg det var greitt å ta ein telefon i forkant av dette til Noregs Bondelag for å få bekrefta om den framstillinga som her vert gjeven, speilar dei faktiske forholda i saka. Der er nok bildet litt meir nyansert enn slik det vert framstilt her.
Det som gjeld dyrevelferd, er ei avveging mellom ulike forhold og ei samla vurdering som ein må gjera, og eg jobbar no med ei ny stortingsmelding om dyrevelferd. Eg har fått kritikk for at meldinga kjem for seint. Det er eg einig i. Eg meiner at ein burde ha lagt fram ei dyrevelferdsmelding i f.eks. 2015, at dette er ei melding som bør koma i ein tiårleg sekvens for å fanga opp den utviklinga som er i både teknologi, dyrehald og forventingar ute blant forbrukarane.
Eg har følgt opp denne saka, og eg vil følgja opp arbeidet med dyrevelferd i kyllingoppdrett og på andre område. Eg har registrert at i ettertid har aktørane i næringa hatt rundar, og det pågår diskusjonar om val av hybrid. Det er ein diskusjon som eg meiner det er naturleg vert teken blant både produsentar og dei som kjøper varene.