Landbruks- og matministeren sitt svar på spørsmål nr. 3 i spørretimen på Stortinget 10.04.2024

Spørsmål frå representanten Mímir Kristjánsson (R)

Spørsmål:

«På Helleland sør i Rogaland planlegger Norge Mining, som ikke har noe med staten Norge å gjøre, å anlegge en enorm gruve. Gruveprosjektet vil medføre nedbygging av 6 kvadratkilometer jordbruksjord og 2 kvadratkilometer matjord. Det utgjør hele den årlige kvoten som Stortinget har vedtatt i sitt jordvernmål. Likevel vil ikke statsråd Pollestad, som altså er landbruks- og matminister og ikke steinminister, avvise gruveplanene.

I dagens situasjon, med krig i Europas kornkammer i Ukraina, hvor fornuftig er det å bygge ned mer norsk matjord?»

Svar:

Det er svært viktig å ta vare på matjorda. Det er bakgrunnen for at regjeringa har lagt fram ein ny jordvernstrategi med eit nytt og skjerpa jordvernmål, der me skal ned til maksimalt 2 000 dekar omdisponert innan 2030. Statistikken viser at me er på rett veg. Foreløpige tal frå KOSTRA viser at me har ei nedbygging på 2 751 dekar i 2023. Det er òg for høgt, men det er ei retning, og det er innafor det målet som var gjeldande, på 3 000 dekar.

I ein farlegare sikkerheitspolitisk situasjon treng me mat, men me treng òg mineral. Det er viktig at me i demokratiske land greier å vera mest mogleg sjølvforsynte med mineral. Eg meiner det vert heilt feil av meg, når dette er eit prosjekt som er tidleg i prosessen, å konkludera med kva som er svaret i behandlinga. Eg trur eit godt jordvern føreset at me fylgjer dei spelereglane, dei framgangsmåtane som er, og det er ein eigen prosess for framgangsmåte og kva ein må ha av løyve og konsesjonar for å vinna ut mineral. I det arbeidet vil eg sjølvsagt delta i regjering, og eg vil vera veldig oppteken av å vareta jordvernet i den prosessen.