Landbruks- og matministeren sitt svar på spørsmål nr. 8 i spørretimen på Stortinget 18.10.2023
Svar til Stortinget | Dato: 18.10.2023 | Landbruks- og matdepartementet
Spørsmål frå representanten Anna Molberg (H)
Spørsmål:
Det er mange næringsdrivende som driver virksomhet på festet grunn i statsallmenning. Et eksempel er Sølenstua Camping i Engerdal i Innlandet som i lang tid har stått i konflikt med Statskog, som nærmest ukritisk øker festeavgiftene. Sølenstua har et sterkt ønske om å innløse tomten, for å sikre seg mot økninger i festeavgiften som truer deres livsgrunnlag. Dette er det som kjent et forbud mot i fjelloven, men det finnes likevel eksempler på at næringsdrivende har fått kjøpe festetomter av Statskog.
Svar:
Statskog er den største grunneigaren i Noreg. Selskapet leiger ut til mange næringsdrivande i heile landet, og regjeringa er veldig oppteken av at Statskog skal vera eit verktøy for industribygging og næringsutvikling der selskapet har eigedomar. Tomtefeste er eit område som er regulert gjennom lov og forskrift, bl.a. med eit forbod mot urimeleg høg festeavgift. Eg er oppteken av at Statskog skal ta rett leige for fellesskapets grunn. Prisen skal ikkje vera for høg, men skal heller ikkje vera for låg – at det kan oppfattast som statsstøtte. Der det er ueinigheit om prisen, er det mogleg å henta inn fleire takstar, eller ein kan prøva dette rettsleg.
Som det og vert nemnt i spørsmålet, er det faktisk ikkje lov til å selja grunn i statsallmenning til andre næringsformål enn landbruk. Det følgjer av fjelloven, og så er det eit unntak for bustadtomter. Det at det tidlegare har skjedd noko i strid med loven, er ikkje eit argument som eg som statsråd kan bruka for å be Statskog bryta loven på ny. Eg meiner at Statskog skal forhalda seg til det regelverket og den loven som Stortinget har vedteke.
Så er det viktig å understreka at det er viktig at Statskog, særleg i dei kommunane der dei er svære eigarar av areal, har god dialog og samarbeider godt med lokalsamfunnet.