Presseinvitasjon
Landbruks- og matministeren til Møre og Romsdal
Nyheit | Dato: 23.09.2024 | Landbruks- og matdepartementet
Landbruks- og matminister Geir Pollestad besøker Møre og Romsdal tysdag 24. september. Statsråden skal til Rauma og Vestnes kommunar.
Program:
Klokka 14-15.30: Møte med representantar frå Ulvådalen sauesankarlag og Verma beitelag. Statsråden skal få orientering om beitedyr- og rovdyrsituasjonen i området. Ordførarane i Rauma, Fjord og Lesja kommunar deltek òg på møtet.
Adresse: Sagelva vasskraftsenter, Brøstvegen, 2669 Lesja.
Klokka 16.50-18.10: Besøk til Gjermundnes vidaregåande skule i Vestnes kommune. Pollestad skal møta elevar ved landbruksfaglinja og få omvising i nyefjøsen.
Adresse: Gjermundnesvegen 200, 6392 Gjermundnes.
Kontaktpunkt:
Henrik Nordtun Gjertsen, telefon: 482 34 566
Toralf Larsen Vallestad, telefon: 941 35 196