Statsbudsjettet 2025
Landstraumanlegg i Flåm
Nyheit | Dato: 07.10.2024 | Klima- og miljødepartementet
Regjeringa gir 100 millionar kronar til landstraumanlegg i Flåm.
I sommar blei det kjent at regjeringa innfører krav om nullutslepp i verdsarvfjordane. I statsbudsjettet for 2025 foreslår regjeringa å støtte etablering av eit landstraumanlegg i Flåm med 100 millionar kroner
– Me er glade for å ha funne ei løysing som stimulerer teknologiutvikling, tek omsyn til reiselivet og gir tilstrekkeleg føreseielegheit for næringa. Gjennom å løyve pengar til eit landstraumanlegg i Flåm vil me bidra til at cruiseskip framleis kan legge til kai i Aurlandsfjorden, seier klima- og miljøminister Tore O. Sandvik.
Stortinget bad regjeringa i 2021 om å foreslå tiltak som sikrar verdsarvfjordane som anløpshamn for cruisebåtar også etter 2026, mellom anna ved at staten sikrar etablering av landstraum i Flåm. Løyvinga blir gjort over ein øyremerkt budsjettpost under Enova.