Statsbudsjettet 2025

Låneramme på 29 milliardar til Husbanken

Regjeringa foreslår ei låneramme på 29 milliardar kroner til Husbanken i 2025. Det er ti milliardar meir enn då regjeringa overtok.

− Vi meiner det er viktig å ha ei høg låneramme til Husbanken. Det er med å sikre at folk som elles ikkje kunne kjøpt seg ein egna bustad, kan gjere det. Regjeringa er opptekne av at fleire kan eige ein bustad og at det vert fleire bustader med god kvalitet, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp).

Lån frå Husbanken skal vere eit supplement til dei private kredittinstitusjonane, og skal bidra til å nå bustadpolitiske mål som elles ikkje ville blitt nådd. Ei høg låneramme i Husbanken kan òg bidra til byggeaktivitet i heile Noreg, og vere med på å halde hjula i gang i ein av våre viktigaste næringar.

Mest til startlån

Størstedelen av låneramma på 29 milliardar kroner går til startlån. Husbanken gir òg lån til utleigebustader, bustadkvalitet og til studentbustader.

Startlånet er den viktigaste reiskapen for å hjelpe husstandar med langvarige problem med bustadfinansiering. I 2025 kan Husbanken gi tilsegn om startlån for 18 milliardar kroner, under føresetnad at det er tilfredsstillande søknadar. Dette betyr at om lag 8 500 husstandar kan få startlån i 2025.

Regjeringa vil gjere eit forsøk der kommunane kan gi startlån til førstegongsetablerarar som er noko betre økonomisk stilte enn dei som får startlån i dag. Regjeringa foreslår å sette av om lag ein milliard kroner av låneramma til startlån til forsøket i 2025.

For å støtte opp om bustadbygging i distrikta kan Husbanken prioritere inntil ein milliard kroner av låneramma til lån til bustadkvalitet og lån til utleigebustadar i distriktskommunar i klasse 5 og 6 i SSBs sentralitetsindeks.

Regjeringa foreslår òg at det i 2025 blir sett av ei delramme til lån til studentbustader på 2,1 milliardar kroner.

 

Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00
E-post til kommunikasjonseininga: ke@kdd.dep.no