Langt fleire tok og bestod Statsborgarprøva i 2020
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Pressemelding | Dato: 25.02.2021
I løpet av fjoråret var det totalt 8972 personar som tok Statsborgarprøva, ein solid auke frå året før. Ein større del enn nokon gong tidlegare bestod prøva.
– Mange har ønskt seg norsk statsborgarskap eller dobbel statsborgarskap. Det er gledeleg at fleire no får oppfylt ønska sine om det, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V).
Prøva er eitt av fleire steg på vegen mot statsborgarskap. Talet på kandidatar som består statsborgarprøva har auka kraftig i 2020. I 2017 var det 81 prosent, i 2018 var det 80 prosent, i 2019 var det 81 prosent, i 2020 var det 88 prosent. Auken kan vere eit resultat av at det blei opna for dobbelt statsborgarskap frå 1. januar 2020.
Nokre tok prøva meir enn ein gong, og det er variasjonar i resultata fylka og kommunane imellom (sjå tabell lenger ned).
Digital kunnskapsprøve
For å få norsk statsborgarskap blei det frå 1. januar 2017 innført eit krav om å bestå ei prøve i samfunnskunnskap på norsk. Dette kravet er oppfylt dersom søkaren har bestått enten statsborgarprøva. eller den avsluttande prøva i samfunnskunnskap på norsk for vaksne innvandrarar.
Statsborgarprøva er ei kunnskapsprøve med utgangspunkt i læreplanen for opplæring i samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar. Prøva målar ikkje graden av integrering hos kandidatane. Det er Kompetanse Norge som utviklar prøva på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet.
Statsborgarprøva er digital, og varer i 60 minutt. Kandidatane kan også få spørsmåla leste opp ved hjelp av ei lydfil. Prøva består av 32 oppgåver. 24 av spørsmåla må vere svart riktig på, for å få bestått.
Nivået på oppgåvene varierer. Dei er likevel moglege å løyse oppgåvene dersom ein bur seg godt, og har gode nok språkkunnskapar.
98 prosent av kandidatane tok prøva på bokmål i 2019.
- Krav til norsk statsborgarskap ligger på på UDIs nettsider.
- Du finn meir informasjon om Statsborgarprøva på Kompetanse Norge sine nettsider
Resultat på Statsborgarprøva i 2020 fordelt på fylke
Fylke |
Tal kandidatar |
Prosentdel bestått |
Prosentdel ikkje bestått |
Agder |
392 |
87 % |
13 % |
Innlandet |
366 |
87 % |
13 % |
Møre og Romsdal |
399 |
86 % |
14 % |
Nordland |
241 |
72 % |
28 % |
Oslo |
2200 |
91 % |
9 % |
Rogaland |
1029 |
89 % |
11 % |
Troms og Finnmark |
389 |
86 % |
14 % |
Trøndelag |
433 |
81 % |
19 % |
Vestfold og Telemark |
472 |
84 % |
16 % |
Vestland |
936 |
89% |
11 |
Viken |
2115 |
88% |
12% |
Heile landet |
8972 |
88 % |
12 % |