Handlingsplan mot antisemetisme
Tale/innlegg | Dato: 13.11.2024 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Av: Kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Fremleggelse av handlingsplan mot antisemetisme)
Kjære alle saman, og tusen takk statsminister for å sette ord på – presist – kva dette handlar om.
For det siste året er det mange norsk jødar som har stått i ein veldig krevjande situasjon.
- Vi høyrer om unge og ungdomar som blir sletta frå grupper på Facebook-grupper, utestengt på andre sosiale media – fordi dei er jødar.
- Vi høyrer om ungar i skulegarden som opplever å få skulda for krigshandlingar andre stadar – fordi dei er jødar.
- Ein i vennegjengen opplever at vennane trekker seg unna fordi han eller ho er jødisk.
- Og i lunsjen så må kanskje ein kollega stå til rette eitt eller anna frå nyheitene i eit anna land,– fordi han eller ho er jødisk.
Eg har fått høyre om personar som har blitt spytta på, på open gate, fordi dei bar ei davidsstjerne synleg rundt halsen. Om trugsmål og hets i sosiale medium. Vi har lest om tagging med antisemittisk bodskap, og hærverk på den jødiske gravlunden i Trondheim. Eg kunne – dessverre – ha nemnt fleire eksempel.
Sånn skal vi ikkje ha det i Noreg. Vi skal ikkje godta at konfliktar andre stader i verda tvinger nokon til tystnad. Vi skal ikkje godta at nokon opplever at dei mistar ytringsfridomen sin – berre for dei er jødar.
I Noreg skal det vere trygt å seie si meining. Trygt å vise kven en er og kva for livssyn ein har.
Jødane har vore her i landet sidan siste halvdel av 1800-talet, og er ein av fem nasjonale minoritetar i landet vårt. Noreg si behandling av jødane har ikkje alltid vore riktig, men politikken i dag er heilt tydeleg overfor dei nasjonale minoritetane. Han bygger på likeverd og ikkje-diskriminering. Alle er like mykje verd.
Som regjeringsmedlem med ansvar for nasjonale minoritetar er eg opptatt av å gjere dette klart: Antisemittiske ytringar og antisemittiske handlingar er fullstendig uakseptable. Vi godtar dei ikkje.
Då kan vi heller ikkje sitte å vente på at situasjonen blir betre. Vi må ta grep. Vi må ha ein aktiv innsats når ein av våre minoritetar opplever ein så utfordrande situasjon.
I dag legg vi derfor fram Handlingsplanen mot antisemittisme. Det er ein del av regjeringa sitt arbeid med å forsterke og fornye innsatsen mot rasisme, hets og diskriminering på grunn av etnisitet og religion.
Planen inneheld 22 tiltak for å førebygge og motverke antisemittisme i Noreg. Nokre av tiltaka er generelle, mens andre er meir målretta.
Mykje av antisemittismen kjem av fordommar. Og vi veit kva som er aller mest effektivt mot fordommar: Det er kunnskap.
Derfor handlar fleire av tiltaka nettopp om å formidle kunnskap om jødisk liv og historie i Noreg. Om å synleggjere mangfaldet blant jødar landet vårt. Mange er med og bidreg:
- Dei jødiske musea i Oslo og Trondheim har – og tar – ei viktig rolle.
- Jødisk kulturfestival Trondheim bidreg med mykje kunnskap.
- Godt haldningsarbeid er også heilt sentralt i innsatsen vår. Her har skulen eit særskilt ansvar. Regjeringa legg opp til å styrke skuletiltaket «Dembra» – som står for «demokratisk beredskap mot rasisme, antisemittisme og udemokratiske haldningar».
- Vi legg òg opp til å styrke dei sju freds- og menneskerettssentra sitt arbeid.
Minoriteten står sjølv for mange viktige tiltak mot antisemittisme. Statsministeren nemnte Dei jødiske vegvisarane. Det er ei veldig flott ordning, dei reiser rundt på skular, møter skuleklassar og spreier kunnskap om det jødiske, og står i klassesituasjonar og får spørsmål, svarer på dei og formidlar på ein veldig god måte. Det Mosaiske Trossamfund har òg fleire andre viktige informasjonstiltak som blir vidareført. Mykje aktivitet blir halden oppe og går som planlagt. Det gjer håp å høyra at mange skulebesøk i synagogen fungerer godt, også i dag. Me må halda fram med å tru på betydninga av dei personlege møta mellom menneske.
Sjølv om dei jødiske miljøa tar mykje ansvar, må vi aldri gløyme følgande: Det er storsamfunnet som har hovudansvaret for å jobbe mot antisemittismen.
Handlingsplanen skal vere med på å nedkjempe antisemittismen. Men regjeringa skal òg bidra til å trygge den jødiske minoriteten. Mange unge kan oppleve å vere den einaste jødiske eleven på sin skule eller den einaste jødiske studenten i sitt kull. Dei har behov for møteplassar, der dei kan treffe andre jødar og utveksle erfaringar, eller berre møtast. Eit viktig tiltak i handlingsplanen er derfor å styrkje den jødiske minoriteten sine eigne organisasjonar.
Regjeringa legg opp til å styrkje befolkninga si motstandskraft mot desinformasjon, og planlegg ein eigen strategi om det i 2025. Vi vil òg sikre barn og unge ein trygg digital oppvekst, og skal leggje fram ei stortingsmelding om temaet om kort tid.
Med Handlingsplanen mot antisemittisme legg regjeringa vekt på å nå dei unge – og styrkjer dei to informasjonstiltaka Ung.no og Stopp hatprat. Tilskot til skuleturar for ungdom – som Utdanningsdirektoratet forvaltar – blir vidareført og evaluert.
I planen har vi òg eit tiltak som går ut på å kartlegge behov for kunnskap om antisemittisme framover. Vi har mål om å få meir forsking om temaet framover – og vil følgje med på korleis folks haldningar utviklar seg i åra som kjem.
Regjeringa støtter opp om dialogtiltak – særleg på trus- og livssynsfeltet. Vi bidreg til å styrkje jødisk kulturarv i Europa gjennom EØS-midlane og vil nedkjempe antisemittisme gjennom deltaking i ei rekkje internasjonale fora.
Holocaust var ei katastrofe, også for den jødiske minoriteten i Noreg. Etter 2. verdskrig opplevde vi at mykje av antisemittismen i vår del av verda gjekk under jorda. Men han forsvann ikkje. Vi må dessverre innsjå at antisemittismen er seigliva. Det finst ikkje eitt enkelt tiltak som får slutt på all antisemittisme. Derfor er det naudsynt med tiltak på fleire område samtidig. Målet er at tiltaka samla skal motverke antisemittisme i landet vårt.
Denne handlingsplanen er den tredje i rekka. Vi har tverrpolitisk semje om å kjempe mot antisemittismen, og vi har mykje erfaring å byggje vidare på. Regjeringa vil følgje med på iverksettinga av tiltaka i handlingsplanen, og vurdere og justere tiltak mot antisemittisme undervegs.
Vi har ein viktig jobb framfor oss.
Eg vil takke representantar frå den jødiske minoriteten og alle andre som har bidratt med innspel til planen. Og heilt til slutt: Takk til både de som har kome hit i dag og alle som har følgt strøyminga.
Og med det vil eg gje ord vidare til styreleier i Det jødiske samfunn i Trondheim John Arne Moen.
Takk for meg.