Lærarspesialistutdanninga gir betre undervisning
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Nyheit | Dato: 16.04.2021
Tre av fire lærarar som har tatt spesialistutdanninga seier dei er blitt meir motiverte for å jobbe som lærarspesialist. Fire av fem lærarar som har tatt utdanninga seier dei reflekterer meir over si eiga undervisning. Tre av fem seier utdanninga har styrka undervisninga.
Det viser ei ny evaluering frå NIFU om lærarspesialistutdanningane, som er toårige vidareutdanningstilbod til lærarar.
– Skal vi halde på gode lærarar i klasserommet, er det viktig at dei kan få nye utfordringar og fagleg utvikling. Derfor er eg glad for at stadig fleire vil bli lærarspesialist. Det er flott at spesialistutdanninga bidrar til betre undervisning og læring i skolen, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V).
Regjeringa starta satsinga på lærarspesialistar i 2015. Ordninga gir dyktige lærarar ein fagleg karriereveg der dei kan utvikle seg fagleg, og jobbe som pådrivarar på eigen skole for å løfte kvaliteten på undervisninga i faget sitt. Målet er å få gode lærarar til å fortsette å undervise slik at dei kan bidra til meir læring for elevane. I dag jobbar om lag 1200 lærarspesialistar i skolen, og regjeringa vil auke til 3000 lærarspesialistar innan utgangen av 2022.
Lærarspesialistutdanningane er toårige vidareutdanningstilbod for dei som ønskjer å bli lærarspesialist, eller som allereie jobbar som lærarspesialist. Om lag 690 har søkt om å få ta utdanninga frå hausten 2021, ein auke frå 2020.
Betre til å undervise, meir motiverte
Over 1000 lærarar deltok i NIFU-evalueringa hausten 2020. Dei fleste var nøgde med lærarspesialistutdanninga:
- Fire av fem opplever at utdanninga har gitt eit godt utgangspunkt for refleksjon over eigen praksis
- Tre av fire meiner utdanninga har gjort dei meir motiverte for jobben som lærarspesialist
- Tre av fem meiner dei har blitt betre til å undervise elevane etter utdanninga
– Rapporten viser at lærarspesialistutdanningane er populære, og at dei gir eit godt grunnlag for dei som vil jobbe som lærarspesialist. Rolla er framleis ny i skolen, derfor er det ekstra viktig at lærarane får tryggleik og kompetanse gjennom utdanninga, seier høgare utdannings- og forskingsminister Henrik Asheim (H).
Opplever uklar rolle
Evalueringa viser også at lærarspesialistutdanninga og -ordninga kan bli betre på fleire område. Blant anna saknar ein av ti undervisning om konkrete verktøy for å initiere endringsprosessar i faget eller skolen. To av fem seier studiet gir for lite bevisstgjering og trening på kollegarettleiing.
Nokre av dei spurde opplevde også at rolla deira som lærarspesialist kunne opplevast som uklar, og at tittelen "spesialist" blei møtt med skepsis i kollegiet og gjorde det vanskeleg å drive fram endring. Fleire seier det er viktig med tydeleg støtte og forankring i skoleleiinga for å gi rolla som lærarspesialist legitimitet.
– Lærarspesialistordninga er framleis ein pilot. Derfor er det viktig at vi får ei evaluering som viser kva for utfordringar vi må ta tak i vidare. Samstundes veit vi frå tidlegare evalueringar at mange lærarar og rektorar er positive til ordninga. Rektorane seier at lærarspesialistane gjer ein god jobb og at dei klarer å løfte undervisninga. Det må vi også ta med oss, seier Melby.
NIFU-rapporten "Lærerspesialistutdanningen belyst av fagansvarlige, lærere og skoleledere" er ein delevaluering om lærarspesialistordninga, der fokuset er avgrensa til å sjå på lærarspesialistutdanningane. Sluttrapporten om heile lærarspesialistordninga er venta i slutten av 2021.