Lars Magnus Huse blir ny leiar for Plan- og utviklingsavdelinga i Forsvarsstaben
Nyheit | Dato: 09.08.2024 | Forsvarsdepartementet
Brigader Lars Magnus Huse blei i dag utnemnt i statsråd til generalmajor i Hæren, og blir beordra til stillinga som leiar for Plan- og utviklingsavdelinga i Forsvarsstaben.
Huse har lang og omfattande operativ tenesteerfaring frå Hæren, blant anna som batterisjef, sjef for utviklingsseksjon, planoffiser og operasjonsoffiser.
Han har vore bataljonssjef i Brigade Nord og fagsjef artilleri og luftvern ved Hærens våpenskole. Huse har vore leiar for Fagmilitært råd (FMR) og seinare sjef Planavdelinga i Forsvarsstaben.
Huse har internasjonal erfaring som operasjonsoffiser i Afghanistan frå 2004 til 2006, og som sjef for det norske PRT i Meymaneh i Afghanistan i 2011. Frå 2016 til 2017 var han leiar for eit planteam i NATO-hovedkvarteret SHAPE med fokus på nordområda.