Lisensfelling utanfor ulvesona er stadfesta
Nyhet | Dato: 26.11.2021 | Klima- og miljødepartementet
Klima- og miljødepartementet har behandla klager på rovviltnemndene sine vedtak om lisensfelling av inntil 26 ulvar utanfor ulvesona. Vedtaka er i all hovudsak stadfesta. Lisensfelling av ulv utanfor ulvesona startar 1. desember.
– Klima- og miljødepartementet har behandla klager på rovviltnemndene sine vedtak om lisensfelling av inntil 26 ulvar utanfor ulvesona. Vi har ikkje funne grunnlag for å endre vedtaka. Dei er difor endelege, seier klima- og miljøminister Espen Barth Eide.
Klagene som er behandla, er knytt til:
- region 1 (Vestland, Rogaland og Vest-Agder)
- region 2 (Buskerud, Vestfold og Telemark og Aust-Agder)
- region 3 (Oppland)
- region 6 (Trøndelag og Møre og Romsdal),
- region 4 utanfor ulvesona (Østfold, Akershus og Oslo)
- region 5 (Hedmark)
Totalkvote på 26 dyr utanfor ulvesona
Til saman er kvotene i desse områda på 26 ulvar.
Klima- og miljødepartementet har, i tråd med Miljødirektoratet si faglege tilråding og vedtaka frå rovviltnemndene, komme fram til at vedtatt kvote på til saman inntil 26 ulvar utanfor ulvesona ikkje trugar den sør-skandinaviske ulvebestanden si overleving.
Vedtaka er i tråd med bestandsmåla, lovverket og Bernkonvensjonen. I denne vurderinga er alle lisensfellingskvotene for ulv utanfor ulvesona i de ulike regionane sett i samanheng.
– Den samla kvota på inntil 26 ulvar utanfor ulvesona er sett for at det skal vere mogeleg å felle ulv i alle rovviltregionar om det skulle dukke opp dyr der i løpet av vinteren. Det betyr ikkje nødvendigvis at det vil fellast so mange ulvar, seier klima- og miljøminister Espen Barth Eide.
Kvotene i dei ulike regionane
Lisensfellingsperioden utanfor ulvesona varar frå 1. desember til 31. mai.
- I region 1 er kvota 3 dyr.
- I region 2 er kvota 2 dyr.
- I region 3 er kvota 7 dyr.
- I region 4 og 5 utanfor ulvesona er kvota 12 dyr.
- I region 6 er kvota 2 dyr.
Les meir (PDF-filer)
- Region 1: Avgjersla av klager på vedtak om lisensfelling av ulv i region 1 i 2021-2022
- Region 2: Avgjersla av klager på vedtak om lisensfelling av ulv i region 2 i 2021-2022
- Region 3: Avgjersla av klager på vedtak om lisensfelling av ulv i region 3 i 2021-2022
- Region 4: Avgjersla av klager på vedtak om lisensfelling av ulv i region 4 og 5 i 2021-2022
- Region 6: Avgjersla av klager på vedtak om lisensfelling av ulv i region 6 i 2021-2022