Lokaldemokratikonferansen 2024: Korleis utvikle demokratiet?

Kommunal- og distriktsdepartementet inviterer til Lokaldemokratikonferansen 2024 – 5. juni i Oslo rådhus. Korleis kan ungdomsråd, nærmiljøutval, bylab og borgarpanel og andre medverknadstiltak, bidra til å sikre breiare representasjon i lokalpolitikken? Kva skal til for at innspel frå innbyggjarane blir brukt av folkevalde i avgjerdsprosessane? Korleis kan kunstig intelligens brukast i lokaldemokratiet?

Desse, og fleire andre tema blir presentert og diskutert på Lokaldemokratikonferansen 2024: Korleis utvikle demokratiet? Kommunal- og distriktsminister Erling Sande, vil opne konferansen i Oslo rådhus 5. juni.

Toårig utviklingsprosjekt om lokaldemokrati

For to år sidan inviterte departementet til eit utviklingsprosjekt. Sju kommunar med ambisjonar om å utvikle lokaldemokratiet sitt, har gjennomført ulike tiltak for å involvere og engasjere innbyggjarane i lokalpolitiske saker. På Lokaldemokratikonferansen 2024 får vi høyre om og diskutere erfaringar både frå desse kommunane og frå andre kommunar.

Her skal kommunane som har deltatt i prosjektet vise fram resultata sine, og diskutere kva som fungerer godt og kva som har vore utfordrande. Det blir korte innleiingar og panelsamtalar med forskarar og representantar frå ulike kommunar om tiltak for nærdemokrati og innbyggjarinvolvering.

– Føremålet med konferansen er å vise fram gode eksempel på lokaldemokratitiltak til heile kommune-Noreg - til inspirasjon og læring, seier Sande

Lanserer inspirasjonsbrosjyre

På konferansen i juni vil departementet òg leggje fram ei inspirasjonsbrosjyre med ulike løysingar for å engasjere innbyggjarar i lokalpolitikken som deltakarkommunane har utvikla for kommunane sine.

– Eg oppmodar lokalpolitikarar, kommunetilsette, medlemmer i ungdomsråd og andre medverknadsråd, forskarar og alle som har interesse for norsk lokaldemokrati til å melde seg på konferansen. Eg gler meg til dette viktige treffet om demokratiutvikling i kommunane, seier Sande.