Lovendring: Fagskular kan opprette fleire utdanningar sjølv
Pressemelding | Dato: 31.05.2024 | Kunnskapsdepartementet
Stortinget har vedteke endringar i fagskulelova. Dermed kan fagskulane søke om institusjonsakkreditering. Det gir lov til å opprette studietilbod på eiga hand, utan å søke om godkjenning. Endringane i lova tek til å gjelde 1. august 2024.
– Denne regjeringa satsar på fagskulane, og vi ser at det blir stadig fleire fagskulestudentar i Noreg. No kan fagskulane som får institusjonsakkreditering raskare opprette studietilbod som er relevante og etterspurde i arbeidslivet, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).
Fagskulesektoren er i rask vekst. Det har vore ei dobling i talet på studentar dei siste fem åra. Frå om lag 15.000 studentar i 2017, var det om lag 30.000 studentar i 2023.
Det er NOKUT (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga) som har ansvaret for å godkjenne nye studietilbod. Dei får stadig fleire søknader, og det har skapt lang saksbehandlingskø. Når fagskulane kan akkreditere utdanningstilbod sjølve, vil det på sikt føre til færre søknadar og kortare kø hos NOKUT.
– No får vi eit fleksibelt regelverk som gir meir tillit til fagskulane, seier Hoel.
NOKUT skal avgjere kven av søkarane som skal få institusjonsakkreditering. Kva som skal vere vilkåra vil bli utgreia og fastsett i forskrift. Endringane i lova tek til å gjelde 1. august 2024. Forskrifta må endres før fagskulane kan søke om institusjonsakkreditering. Det vil skje i løpet av 2025.
Nasjonalt studentombod
Stortinget har også vedteke å styrke rettane til fagskulestudentane. Mellom anna skal dei få tilgang til eit nasjonalt studentombod. Endringa tek til å gjelde 1. august 2025.
– Eg er glad for at det er tverrpolitisk semje om eit nasjonalt studentombod for fagskulestudentar. Vi tek sikte på at dette skal vere på plass til hausten 2025, seier Hoel.
Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) har fått i oppdrag å undersøke korleis det er mest formålstenleg å organisere og plassere eit nasjonalt studentombod.
I tillegg blir det lovfesta ein generell rett til permisjon frå studiet, og eit forbod mot negative konsekvensar når studentar varslar om kritikkverdige forhold ved fagskulen.
Oppdatert 3I. mai kl.14.00 med ei presisering av at forskrifta må endres før fagskulane kan søke om institusjonsakkreditering. Det vil skje i løpet av 2025.