Lovendringar og overgangsreglar i advokatlova

I statsråd i dag la regjeringa fram forslag til lovendringar og overgangsreglar i advokatlova. Forslaget skal sørgje for ein smidig overgang frå dagens advokatregelverk til ikraftsetjinga av advokatlova og ny advokatforskrift.

Advokatlova vart vedteken våren 2022. Forslaget som no blir fremja følgjer opp høyringsnotat frå september i fjor. Før advokatlova kan tre i kraft, må overgangsreglar og ny advokatforskrift vere på plass.  

Proposisjonen som er send til Stortinget inneheld overgangsreglar og endringar i advokatlova og anna lovverk. 

Overgangsreglane skal sikra at dei som blir ramma av endringane, får høve til å innrette seg etter dei nye reglane. Det blir mellom anna foreslått overgangsreglar for søknader om advokatløyve, for dei som arbeider eller sit i leiinga i advokatføretak og som ikkje er advokatar, rettshjelparar, personar med utanlandsk utdanning som bruker juristittelen, og for tilsyns- og disiplinærordninga.  

Departementet meiner det er naudsynt å greie ut forsikringsadvokatar sin tilgang til å yte advokatbistand til eksterne klientar. Det er derfor foreslått ein overgangsregel for internadvokatar mens ei utgreiing finner stad, slik at dei kan halde fram med å yta advokatbistand i same utstrekking som i dag i ein periode på tre år. 

Dei andre forslaga gjeld hovudsakleg rettingar og vidareføringar av gjeldande rett. Men det er også foreslått enkelte realitetsendringar. Mellom anna blir det foreslått at det som hovudregel ikkje skal vera tilgang til å møte til prøve for Høgsterett i saker som blir behandla i plenum eller storkammer. 

Lovforslaget skal no behandlast av Stortinget. Det er derfor framleis for tidleg å seia når advokatlova vil tre i kraft. Ikraftsetjinga av eit samla advokatregelverk er ei prioritert oppgåve i departementet, og departementet arbeider no med den nye advokatforskrifta.