Lovforslag vil gi skadelidde i trafikkulukke betra vern ved konkurs

Regjeringa har i dag lagt fram ein proposisjon for Stortinget med forslag til endringar i bilansvarslova. Forslaget vil styrke retten til erstatning for skadelidde i trafikkulukker ved konkurs i forsikringsselskapet som skulle dekt skaden.

Alle som eig eit køyretøy er pliktige til å teikna ansvarsforsikring, slik at skadelidde i trafikkulukker kan få erstatning frå forsikringsselskapet til den som eig køyretøyet som valda skada.

– Noreg er eit usedvanleg vakkert land å køyre rundt i. Dette har både norske og utanlandske turistar oppdaga, som fører til stadig fleire bilar på norske vegar. Heldigvis er trafikktryggleiken i Noreg høg, men ulukker skjer framleis.  No styrker regjeringa retten til erstatning dersom forsikringsselskapet som skulle dekt skaden, går konkurs seier justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen (Ap).

Bakgrunnen for forslaget er gjennomføring av eit nytt endringsdirektiv til motorvognforsikringsdirektivet i norsk rett. EU-direktivet krev eit insolvensorgan i kvart land som skal utbetale erstatning dersom forsikringsselskapet har gått konkurs.

– Med dei nye reglane me no legg fram vil du uavhengig av om du er forsikringstakar eller er skadelidd i ei trafikkulukke få eit betre og meir heildekkjande vern. I tillegg vil dei nye reglane ha mykje å sei for rørslefridom for personar, varer og køyretøy i EU og EØS-området, og er slik sett ei styrking av den indre marknaden, seier Aas-Hansen.

I finansforetaksloven er det i dag ei garantiordning for skadeforsikring, som i mange tilfelle vil gi dei skadelidde dekning ved konkurs i forsikringsselskap. Regjeringa foreslår å etablere ei eiga ordning på trafikkforsikringsområdet som gjer dei skadelidde eit meir heildekkjande vern i konkurstilfelle. Forslaget gir skadelidde busett i Noreg rett til å krevje erstatning frå eit nasjonalt erstatningsorgan, Trafikkforsikringsforeningen, ved konkurs i forsikringsselskapet til den skadevaldande motorvogna.

Til sist kjem justis- og beredskapsministeren med ei oppmoding:

– Eg skulle helst sett at trafikkulukker ikkje skjer, og regjeringa arbeidar for å nå visjonen om null drepne og hardt skadde i vegtrafikken. Så ver oppmerksam i trafikken, og køyr forsiktig.

Prop. 74 LS (2024–2025) - Endringer i bilansvarslova